Hatefulle ytringar i sosiale medium - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Hatefulle ytringar i sosiale medium

Norsk lov gjeld også for ytringar i sosiale medium. Straffelova forbyr diskriminerande eller hatefulle ytringar retta mot andre menneske på grunn av hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav.

Hatefulle ytringar

I Noreg er det straffbart å ytre seg hatefullt eller diskriminerande mot enkeltpersonar. § 185 i straffelova forbyr diskriminerande eller hatefulle ytringar retta mot andre menneske på grunn av hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav. Både verbale ytringar og symbol blir i denne samanhengen rekna som ytringar.

På nettsidene til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) finn du meir informasjon om hatefulle ytringar, sjå Bufdirs side "Hva er hatytringer?".

Brukarstyrt, men ikkje lovlaust

Omgrepet sosiale medium omfattar mediekanalar eller plattformer som ved bruk av internett eller annan webbasert teknologi gjer det mogleg med interaksjon mellom to eller fleire brukarar. Eit viktig kjenneteikn på sosiale medium er at innhaldet er styrt av brukarane og ikkje av ein ansvarleg redaksjon. Det fører til at nokre brukarar oppfattar sosiale medium som eit lovlaust område der ein kan publisere det som måtte falle ein inn. Men slik er det ikkje – norsk lovverk gjeld òg for sosiale medium.

I straffelova står dette: "Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring. Som ytring regnes også bruk av symboler" (straffelova, 2005, § 185).

Desse lovføresegnene er viktige å ha i bakhovudet når ein legg ut tekst, lyd og bilete på nett.

Mange blir råka av hatefulle ytringar

I ei undersøking Statistisk sentralbyrå gjennomførte i 2023 sa 47 prosent av nordmenn mellom 16 og 79 år at dei hadde støytt på krenkande meldingar på nettet i løpet av dei siste tre månadane. I aldersgruppa 16 til 24 år var andelen endå større (cirka 60 prosent).

Hatefulle ytringar rammar ofte personar som opptrer i offentlegheita, som politikarar, klimaforskarar, influensarar og fotballdommarar. Men i prinsippet kan kven som helst bli utsette for hatefulle ytringar. Hausten 2023 tok mange vidaregåande skular grep etter at elevar vart utsette for hets og trakassering på Jodel.

NRK: Skolen ba Jodel stenge kanal etter hets og trakassering av elever

Dei som blir utsette for hatefulle ytringar, opplever at andre tek frå dei verdigheita deira, og at dei blir haldne ute frå eit sosialt fellesskap med andre. Hatefulle ytringar aukar motsetnaden mellom ulike grupper i samfunnet og skremmer folk frå å ta del i den offentlege debatten. I siste instans er det ein trussel mot demokratiet vårt.

Når vi ytrar oss anonymt, eller når vi ikkje ser den vi snakkar med, er det lett å trå over grenser for mellommenneskeleg kommunikasjon som vi elles ville ha respektert. Dette rammar enkeltmenneske hardt, men det øydelegg òg det fellesskapet samfunnet vårt er tufta på.

Kva gjer du om du er utsett for hatytringar?

Bufdir har oppretta ei hjelpeside der du får konkrete råd om korleis du kan gå fram dersom du eller andre blir utsette for hatefulle ytringar.

Bufdir: Hatytringer – hjelp, råd og kunnskap

Kjelder

Straffelova. (2005). Lov om straff (LOV-2005-05-20-28). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-05-20-28

Walther-Zhang, Y. (2023, 22. september). Halvparten har observert netthets. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/teknologi-og-innovasjon/informasjons-og-kommunikasjonsteknologi-ikt/statistikk/bruk-av-ikt-i-husholdningene/artikler/halvparten-har-observert-netthets

Skrive av Stein Vegard Olaussen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2023