Georg tigg ikkje - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Litterære tekster

Georg tigg ikkje

Av politi og politikarar blir dei omtalte som ei kollektiv plage. Men Georg Iordache blei eit journalistisk ”case” og fekk ei eiga røyst.

Av Sven Egil Omdal

Georg Iordache er ein uvanleg mann. Sjølv om han tilhøyrer romfolket, har han både namn, alder, eit yrke og ei røyst. Vanlegvis er romfolket ikkje individ, men ei kollektiv plage.

Det var i Stavanger Aftenblad 44 år gamle Georg Iordache blei eit menneske, ikkje berre eit ordensproblem. Mens ei gruppe romfolk blei jaga frå park til parkeringsplass til steinbrot i Oslo, sat Georg Iordache heime hos professor Paul Stephens ved Universitetet i Stavanger og fortalde Aftenbladet om fagbrevet han har som elektrikar, om trucksertifikatet han ikkje får bruke i Noreg, men også om nettene i den kalde tunellen mellom Stavanger hamn og jernbanestasjonen.

Georg Iordache var det journalistar kaller eit ”case”.

”Har vi eit case?” spør vaktsjefen når eit sosialt problem skal angripast med journalistikk. Sjølv dei mest seriøse aviser i verda opnar sine store reportasjar med eitt enkelt menneske og historia rundt. Erfaringa er elementær: Lesarane treng nokre dei kan identifisere seg med. Før problemet kan angripast intellektuelt og politisk, må det følast. Journalisten bruker empati til å trekkje lesaren inn i saka og fyller så på med fakta, bakgrunn, statistikkar, generaliseringar. Frå det nære til det fjerne. Elementært.

Se og Hør er det ekstreme utslaget av indvidjournalistikken. I kjendisjournalistikken finst det nesten ikkje grupper, berre enkeltpersonar. Temaa er store og evige; kjærleik og død, rikdom og sjukdom, men historiene handlar utan unntak om menneske som har namn og ansikt, helst så kjende namn og ansikt at vi blir lurte til å tru at vi kjenner dei.

Dekninga av romfolket er den motsette ytterlegheita. Når media ikkje ser individa, kan politikarane nonsjalant ignorere lovkravet om at kvar og ein skal behandlast individuelt. Ingen folkeslag kan sendast ut av landet, det kan berre enkeltmenneske. Denne grunnleggjande historiske erfaringa gløymde mange politikarar dei verste dagane i sommar. Dei slapp unna med dette angrepet på rettstryggleiken fordi heller ikkje journalistane makta å sjå menneska i mengda.

”Det var til tider svært hissig stemning i og utenfor romleiren på Årvoll i går kveld. Ved to anledninger kom en romkvinne rasende ut til pressen”, skreiv Aftenposten. Sjølv om den rasande kvinna kalla det norske folk for nazistar, klarte ikkje – eller prøvde ikkje – journalisten å finne ut kva ho heiter, kva historia hennar er, kvifor ho heller vil bu under ein plastduk i eit norsk grustak enn å reise tilbake til Romania, eller kvifor ho var så sint.

Case-journalistikken er full av farer. Vi veit ikkje alltid om det eine mennesket vi løftar fram, er representativt for den gruppa vi omtalar. Vi risikerer å la følelsane overdøve forstanden, og vi risikerer først og fremst å hjelpe den eine, men gløyme dei mange. I Maria Amelie-saka tvang det sterke mediepresset regjeringa til å lage eit smutthol i utlendingsloven, men den gjorde holet så lite at det omtrent berre var Maria Amelie som klarte å kome gjennom.

Likevel er den strengt kollektive framstillinga av svake grupper mykje farlegare. Når ingen blir henta ut av mengden og menneskeleggjort, ser vi berre gruppa, anten vi kallar henne romfolk eller sigøynarar. Dei sluttar seg til dei andre gruppene vi held på armlengds avstand og gir felles merkelappar: asylsøkjarane, snyltarane, lykkejegerane.

Slike omgrep festar seg fordi kollektiv omtale av folk og grupper alltid forsterkar fordommane. På avstand ser dei like ut. Case-journalistikken trekkjer nokre nær og gjer dei ulike. Det er ikkje like enkelt å generalisere når klisjeane om romfolk blir skotne sund av Georg Iordache, som ikkje er komen for å be om medkjensla vår.

”- Du tiggar ikkje?” spør Aftenbladet. ”- Nei. Han blir stille. Ser vekk. – Det handlar om ære.”
Professor Paul Stephens har opna heimen sin for nokre av uteliggjarane frå Romania. For debattens skuld hadde det hjelpt om pressa prøvde å hjelpe oss til i det minste å opne augene.

Skrive av Sven Egil Omdal.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018