Finn retoriske verkemiddel i medieuttrykk - Introduksjon - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Finn retoriske verkemiddel i medieuttrykk

Introduksjon

CC BY 4.0

Korleis bruker influensarar og programskaparar retoriske verkemiddel for å overtyde deg? I denne læringsstien skal du undersøkje bruken av etos, logos og patos i ulike medieuttrykk.

Når du er ferdig med læringsstien, skal du kunne

  • gjere greie for dei retoriske omgrepa etos, logos og patos
  • analysere retorikken i ulike medieuttrykk
  • utnytte retorikkunnskapane dine i eigne medieuttrykk