Eigenvurdering i emnet journalistikk - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering i emnet journalistikk

Kva kan du om krav til god journalistikk, journalistiske sjangrar og journalistiske arbeidsmåtar?

Læringsmål

Når du har jobba med dette emnet, bør du

  • vite kva journalistikk er, kjenne til nokre journalistiske sjangrar og forstå kva som skil journalistikk frå andre ytringar

  • kjenne til samfunnsoppdraget til journalistikken og forstå kvifor uavhengig journalistikk er viktig i eit demokratisk samfunn

  • kunne beskrive arbeidsmetodane i journalistikken og ta desse i bruk i eigen medieproduksjon

  • forstå kvifor det er viktig at ein journalist gjer grundig research, sjekkar fleire kjelder og utøver kjeldekritikk før ei sak blir publisert

  • kjenne til nokre vanlege nyheitskriterium og kunne reflektere over i kva grad ei nyheit har nyheitsverdi

Viktige omgrep i emnet journalistikk

Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2022