Eigenvurdering av emnet mediepåverknad - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering av emnet mediepåverknad

Kva kan du om korleis redaksjonelle og sosiale medium kan påverke haldningar, identitet og sjølvforståing, etter å ha jobba med dette emnet?

Læringsmål

Når du har jobba med dette emnet, bør du

  • kjenne til nokre mediefaglege teoriar om korleis media påverkar deg som individ og det samfunnet du er ein del av

  • forstå forskjellen på individuell og kollektiv identitet, og korleis identiteten vår blir utvikla i samspel med andre

  • kunne reflektere over kvifor sosiale medium i dag er ei viktig scene for sjølvframstilling, og kva følger det har

  • kunne drøfte i kva grad medieinnhald påverkar haldningar, identitet og sjølvforståing

  • ha kunnskap om korleis algoritmar og kunstig intelligens blir brukte til å samle inn og styre informasjon, og kunne vurdere positive og negative sider ved ein slik bruk av teknologi

Viktige omgrep i emnet

Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2022