Volum og bogelengde
Volum ved integrasjon

Dersom vi deler eit egg med ein eggdelar, får vi parallelle skiver med same tjukne, men med ulik storleik på den sirkelforma flata. Kvar enkelt skive får tilnærma form som ein sylinder med veldig lita høgde. Summen av voluma til alle skivene er lik volumet til egget.
Dette prinsippet vil gjelde for alle romfigurar.
Av figuren har vi at er ein tilnærmingsverdi for volumet av ei skive. Ein tilnærmingsverdi for det samla volumet av den eggeforma lekamen på figuren kan vi derfor finne ved å summere volumet av alle skivene. Når blir veldig liten, nærmar denne summen seg volumet av egget – og samtidig eit integral.
Volum av romfigurar
der er arealet av flata av skiva og er høgda av skiva.
Volumet av ei kule
Vi kan bruke dette til å vise at volumet av ei kule er gitt ved
I figuren har vi teikna ei kule med radius .
Vi har markert ei snittflate i kula i avstand frå sentrumet til kula. Snittflata har form som ein sirkel, og radius i denne sirkelen kallar vi .
Arealet av snittsirkelen er vil då vere gitt ved
Vi bruker pytagorassetninga og finn uttrykt ved og .
Dette gjer at dersom vi vel ulike -verdiar i området , vil vi kunne berekne .
Arealet av snittflata er dermed gitt ved
Dersom vi deler kula i sylinderforma skiver, vil volumet av kvar skive bli

Dette uttrykket kan brukast til å berekne volumet av ei kule numerisk, og då er programmering eit godt verktøy. Vi kan lage eit program som bereknar volumet av kvar slik skive med høgde og summerer desse for å få ein tilnærmingsverdi til det totale volumet. Jo mindre er, jo nærare blir tilnærmingsverdien det faktiske volumet. Dette skal vi prøve ut i oppgåvene.
Vi held beviset ved fram med å forme om uttrykket slik at vi kan bruke integrasjon.
Bogelengde ved integrasjon
Kor lang er ein graf frå eitt punkt på grafen til eit anna? Dette er ei enkel berekning dersom grafen er ei rett linje, men vanskelegare dersom grafen er bogen. Vi skal ta for oss korleis vi ved hjelp av integrasjon kan utleie ein formel for lengda til ein del av ein graf. Vi kallar ei slik lengde for bogelengde.
Vi ønsker å utleie ein formel for berekning av bogelengda til grafen til ein kontinuerleg funksjon frå eit punkt til eit punkt på grafen, det vil seie frå til .
Vi set punkt langs grafen og trekker rette linjer mellom punkta. Desse linjestykka vil vere ei tilnærming til grafen i området mellom og . Dersom vi summerer lengdene av alle linjestykka, vil vi få ein tilnærma verdi for bogelengda frå til .
Lengda av kvart linjestykke kallar vi , og som figuren over viser, vil vi kunne sjå på eit slikt linjestykke som hypotenusen i ein rettvinkla trekant, der og er katetar i trekanten. Legg merke til at er endring i -verdi mellom punkta på grafen.
Vi har då følgande samanheng:
Uttrykket for lengda av eit linjestykke mellom to punkt på grafen, kan brukast for å berekne bogelengde numerisk ved hjelp av programmering. Vi kan lage eit program der vi angir ein funksjon, startverdi, sluttverdi og kor stor skal vere. Programmet "deler" grafen i linjestykke og bereknar lengda av kvart av linjestykka. Ved å summere desse lengdene vil programmet kunne gi ei tilnærma bogelengde. Jo mindre vi set , jo nærare blir tilnærminga den faktiske bogelengda. Dette skal vi prøve ut i oppgåvene.
Vi gjer ei omforming av likninga for å nærme oss integralrekning:
Uttrykket er den momentane vekstfarten i eit punkt når , og dermed har vi at
Som tidlegare nemnt er summen av alle linjestykka ein tilnærma verdi for bogelengda. Ved å la gå mot null vil denne tilnærminga gå mot den eksakte verdien av bogelengda.
Ut frå dette får vi følgande uttrykk for berekning av bogelengde:
Bogelengde ved integrasjon
Omkrinsen til ein sirkel
Vi veit at omkrinsen av ein sirkel er definert ved . Vi kan bevise denne samanhengen ved hjelp av uttrykket for berekning av bogelengde.
Ein sirkel er gitt ved , der er radius i sirkelen.
Dette gir .
Dersom vi bruker funksjonen , der , har vi ein kontinuerleg funksjon som er deriverbar i definisjonsområdet, og som representerer av ein sirkel med radius lik , sidan vi berre tek med positive -verdiar.
Vi deriverer og får
Vi kan no setje inn i formelen for bogelengde:
Integranden minner om den deriverte til , og vi bruker dette vidare i løysinga.
Vi bruker no integrasjon ved variabelskifte for å bestemme integralet:
Vi set inn og :
Omkrinsen til av sirkelen er ut frå dette lik , noko som gir at omkrinsen av heile sirkelen er .