Frå matematisk funksjon til 3D-utskrive objekt - Matematikk R2 - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Frå matematisk funksjon til 3D-utskrive objekt

Utforsk moglegheitene ei matematisk skildring av ein omdreiingslekam gir, ved å bruke GeoGebra 3D og kombinere dette med 3D-utskriving.

I emnet "Integrasjon" arbeider vi med temaa integrasjon, omdreiingslekamar og volumberekning. I dette emnet har vi òg vist korleis vi kan teikne omdreiingslekamar tredimensjonalt ved hjelp av GeoGebra, og det har vore nemnt at det òg er mogleg å 3D-utskrive eit objekt som blir teikna tredimensjonalt i GeoGebra.

Her skal vi presentere eit større opplegg som til dømes kan gjennomførast på ein fagdag.

Forkunnskapar

Du bør ha arbeidd gjennom emnet "Integrasjon" før du gjennomfører denne oppgåva.

Nødvendig utstyr

Du treng

  • eit lite papp- eller plastbeger med form som ei avkorta kjegle og som har mest mogleg plan botn. Begeret skal helst ikkje ha "drikkekant".

  • GeoGebra og eit program for å redigere og overføre utskrifter til skrivaren

  • 3D-skrivar

Introduksjon og eventuell repetisjon

Start gjerne med repetisjon ved å gå gjennom desse ressursane:

Det kan òg vere nødvendig å setje seg inn i korleis ein 3D-skrivar verkar, eller å få opplæring i det. Her er nokre eksterne lenker som kan gi informasjon:

Ei øving som kan samanfatte denne repetisjonen, er å teikne ein av omdreiingslekamane som er viste i artikkelen "Omdreiingslekamar" og gitt att i animasjonen nedanfor. Teikn "sinus-vasen" som ein ordinær omdreiingslekam i 3D-grafikkfeltet i GeoGebra, og berekn deretter volumet i CAS. Samanlikn gjerne resultatet ditt med andre.


Oppdrag 1

Bruk det de har lært om omdreiingslekamar, til å lage ei så nøyaktig attgjeving som mogleg av papp- eller plastbegeret i GeoGebra 3D. Det 3D-skrivne glaset skal likevel ikkje ha botn. Berekn deretter det totale volumet av begeret (tenk at heile begeret er fylt) ved hjelp av CAS.

  • Denne delen kan gjerne gjerast i par eller i mindre grupper, for det kan vere mykje å hente ved å diskutere med medelevar.

  • Det er viktig at alle tek utgangspunkt i eit konkret beger, ikkje berre eit bilete.

Hint 1

Kva type graf er utgangspunkt for ei rett avkorta kjegle?

Hint 2

Kva bestemmer (matematisk sett) kor smalt eller vidt eit glas er?

Etterarbeid 1

Gjennomfør ei felles oppsummering, og bli einige om kor mykje vatn det opphavlege glaset kan innehalde ved hjelp av vatn og ei digital vekt. Kor nært "fasiten" var du/de?

Etterarbeid 2

Det kan vere interessant å 3D-utskrive eit slikt modellert glas for å samanlikne med originalen.

Framgangsmåte:

  1. Sørg for at 3D-vindauget i GeoGebra har innstillinga 1 : 1 for rutenettet.

  2. Gjer alt anna enn glaset usynleg (rutenett, eventuelle punkt, koordinataksane, eventuelle hjelpelinjer og så vidare).

  3. Eksporter 3D-figuren til stl-fil ved å velje "Last ned som" og "3D-print (.stl)".

  4. Opne stl-fila i eit program for 3D-skrivarar, og sjekk at glaset er klart til utskriving. NB: Ikkje endre storleiken. Litt av vitsen er å få ein best mogleg "kopi" av det originale glaset. Bruk standard innstilling for tjukna på "veggene" i glaset.

  5. Overfør stl-fila, eller eit anna filformat dersom 3D-skrivaren krev det, og start 3D-utskrivinga.

Oppdrag 2

Bruk 3D-grafikkfeltet i GeoGebra og kunnskapane du har om funksjonar og omdreiingslekamar for å eksperimentere deg fram til ein omdreiingslekam som kan brukast som eit elegant drikkebeger.

Krav til det ferdige produktet

  • Det skal gå an å fylle vatn i drikkebegeret når det er ferdig skrive ut, og det skal vere "tett". Du må derfor tenke på at det skal vere ein "botn" i glaset.

  • Heile objektet skal lagast ved hjelp av omdreiing av eitt eller fleire funksjonsuttrykk.

  • Drikkebegeret skal ikkje ha rein kjegleform, ver kreativ!

Hint 1

Bruk det todimensjonale grafikkfeltet i GeoGebra til å eksperimentere med funksjonar for å oppnå den ønskte forma.

Hint 2

Du kan få fram ulike former ved å bruke ulike grafar saman og gjere omdreiingane i ulike definisjonsområde.

3D-utskriving

Når du er fornøgd med drikkebegeret, genererer du ei stl-fil frå GeoGebra, slik at det er klart for 3D-utskriving.

Framgangsmåte:

  • Opne stl-fila i eit program for 3D-skrivarar, og sjekk at drikkebegeret er klart til utskriving. Vurder om du må auke tjukna på "veggene" i drikkebegeret for at det skal bli "tett".

  • Overfør stl-fila, eller eit anna filformat dersom 3D-skrivaren krev det, og start 3D-utskrivinga.

Oppdrag 3

Berekn volumet av "drikkedelen" av begeret. Kva føresetnader må du gjere? Korleis kan du kontrollere at berekninga er rett?

Hint

Bruk definisjonsmengdene og funksjonsuttrykka.

Kontroller ved hjelp av ei digital vekt og vatn.

Kjelder

Bakken, V. (2018). Omdreiningslegemer med 3D-printer. Tangenten – tidsskrift for matematikkundervisning, 29(2), 2–6. http://www.caspar.no/tangenten/2018/tangenten%202%202018%20Bakken.PDF

Skrive av Vibeke Bakken.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2022