Storleikar, måltal og måleiningar
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Ein storleik består av eit måltal og ei måleining som vi måler storleiken i. I tillegg bruker vi ofte eit symbol for storleiken.
Døme

Du har vore ute og øvingskøyrt med bil. Du har køyrt ei strekning på 20 km i løpet av ein halvtime.
I dette dømet er det to storleikar: ei strekning og ei tid. Strekninga har måltalet 20 og måleininga km (kilometer). Ofte bruker vi symbolet for strekning.
Spørsmål
Kva er måltalet og måleininga til tida?

Vi ønskjer å rekne ut kva farten på køyreturen blir i gjennomsnitt. Fart er ein storleik der vi ofte bruker symbolet . Bruker vi symbola og for strekning og tid, blir formelen for farten
Gjennomsnittsfarten blir
Ofte skriv vi svaret med skråstrek: 40 km/h. Hugs at både brøkstrek og skråstrek betyr "delt på".
Oppgåve
Kva blir måltalet og måleininga til farten her?
Legg merke til at når vi tek med måleiningane i reknestykket, får vi automatisk måleininga til svaret.
Rekning med måleiningar i GeoGebra
Vi kan leggje inn reknestykket inkludert måleiningane i CAS i GeoGebra, og GeoGebra vil rekne ut både måltalet og måleininga for oss.