Skyvelære
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Praktisk bruk av skyvelære
Skyvelæra består av knivforma målespissar til innvendig måling og ein rørleg skyvar med ein strekskala som vi kallar nonieskala. Det er ein strekskala til å lesa av tidelar på. Du finn òg ei målestong som blir brukt til djupnemåling. Det er viktig at du lærer å bruke skyvelæra rett, slik at du får utført korrekt måling av aktuelle detaljar.
Pass på:
- Skyvelæra skal berre brukast til måling og ikkje som hammar eller til å merkje opp linjer og sirklar med.
- Du må ikkje måle på roterande delar.
- Kontroller at skyvelæra måler riktig (på passbitar).
Avlesing av nonieskala
Nonieskalaen er den vesle skalaen på den rørlege delen av skyvelæra. Avlesinga skjer ved at du først les av talet i heile millimeter over 0 på nonieskalaen, så tel du talet på delstrekar på nonien til du finn streken som står rett under ein millimeterstrek på den faste delen. Bruk videoen på denne sida for å lære deg å lese av skyvelæra.
Typar av skyvelærer
Det finst eit stort utval av skyvelærer som er tilpassa bestemte måleoppgåver. I dag er det vanleg å bruke digitale skyvelærer. Slike skyvelærer kan måle med ei grannsemd ned til 1/1000-dels millimeter (brøk), eller 0,001mm (desimaltal).
