Velg yrke med både hovud og hjarte - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Velg yrke med både hovud og hjarte

Du som les dette, er kanskje halvveges i vg1, og du lurer på kva fag du skal velja neste år. Sidan du går på vg1, har du allereie gjort nokre val – iallfall for det skuleåret du er inne i. Så kvar går vegen vidare for deg?

Å ta utdanning er å opna ei dør

Det å velja utdanning kan vera både spennande og slitsamt. Spennande fordi det er mykje å velja mellom, og slitsamt fordi vi er redde for å velja feil. Gi deg sjølv tid til å ta det valet. Hugs at den same utdanninga kan brukast til mange ulike jobbar, og truleg er det mange utdanningar du vil kunne trivast med!

Når du har valt ei utdanning, så gjer ditt beste. Sjå på det å gå på skule som ei investering i deg sjølv og di eiga framtid. Og vert det nødvendig, går det også an å justera vegvalet seinare.

Lytt til hjartet

Lytt til både hovudet og hjartet når du skal velja utdanning eller yrke. Å lytta til hjartet vil seia å kjenna etter kva som gjer deg glad, og å tenkja over kva du er interessert i. Men hugs at ingen kan vera interessert i noko dei ikkje veit noko om. Kanskje skal du jobba med noko du ikkje veit så mykje om i dag?

Ta gjerne interessetestar, og gjer det gjerne fleire gonger. Men ver litt kritisk til svara du får ut av testen. Spør deg sjølv: Kva lærte eg av dette? Stemmer det med det eg «visste» om meg sjølv frå før, eller stemmer det ikkje?

Ver nysgjerrig på kva andre jobbar med, og på verda rundt deg! Spør og grav, les aviser, leit på nettet og snakk med yrkesutøvarar. Prøv å skaffa deg sommarjobb eller deltidsjobb innan eit fagfelt du trur kan vera interessant. Kjenn etter kva du liker, og kva du ikkje liker i sommarjobben – men hugs at du som ufaglært sommarhjelp kanskje må ta til takke med det mest rutineprega arbeidet på denne arbeidsplassen. Når du får meir utdanning, er det veldig sannsynleg at du opplever jobben som endå meir interessant.

Lytt til det andre har å seia, men vit at fasiten om deg sjølv er det du som har – og at det er du som skal velja og leva med valet.

Lytt til hovudet

Å lytta til hovudet betyr blant anna å velja ei utdanning og eit yrke som gjer at du kan forsørgja deg sjølv. Vi har ulike tankar om kva som er god nok inntekt, og lykka ligg ikkje nødvendigvis i å tena mykje pengar. Men det å kunna ta vare på seg sjølv, også økonomisk, er viktig for dei fleste.

Ver budd på at du aldri vert heilt ferdig utlært. Samfunnet endrar seg, og jobbane vi kjenner til no, kjem til å endra seg. Nye yrke dukkar opp. Ver open og nysgjerrig, og grip høva som byr seg for jobb, ny kunnskap og personleg utvikling. Det er spennande, og det gir ei god kjensle å meistra nye utfordringar.

Set deg realistiske mål

Bruk tid på å sjekka om målet ditt er realistisk. Lag ein heilt konkret plan for kva som må til for å nå målet ditt – og følg han. Legg stein på stein.

Om du ser undervegs at målet ditt er heilt uoppnåeleg sjølv om du gjer ditt aller beste over lang tid, er det lurt å laga seg ein «plan B». Det er fint å ha noko å strekkja seg etter, men det er ikkje godt for oss å ha mål som er så vanskelege å nå at vi mislykkast igjen og igjen. Det er heilt sikkert meir enn eitt yrke som passar for deg, og som du vil trivast i.

Hugselappen

  • Når du skal velja utdanning og yrke, er det lurt å velja både med hovudet og hjartet. Spør deg sjølv:
  • Kva har eg lyst til?
  • Kva er eg god til?
  • Kva gjer meg glad?
  • Kva utdanning er det realistisk for meg å koma inn på?
  • Kva kan gi meg ein jobb og ei lønn å leve av?
Skrive av Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022