Møbeltapetserar
Film: Gammelt nytt på nett: møbeltapetserer
I filmen under (lengde 3.09) fortel møbeltapetserar Sofie Pocock om arbeidet sitt.
Varierte oppdrag
Møbeltapetserarar bygger opp underlag, stoppar, skjer til stoff eller skinn og trekker møblar. I dette arbeidet er det viktig med riktig bruk av materiale og teknikkar. Oppdraga kan variere frå mindre interiørprodukt til avanserte restaureringsprosjekt.
Eigenskapar
Som møbeltapetserar bør du ha god form- og fargesans og kunnskapar om ulike materiale og stilartar. Fleksibilitet og nøyaktigheit er viktige eigenskapar.

Utdanning
Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga kallast særløp. Møbeltapetserar er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er møbeltapetserar.
