Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Trebåtbyggar

Ein trebåtbyggar lagar, held ved like, reparerer og restaurerer trebåtar. Faget er ein del av eit maritimt miljø, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Film: Trebåtbygger

I filmen under (lengde 3:58) får du sjå korleis ein kan bygge ein liten pram. Det er ein liten båt utan kjøl.

Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Tradisjon og fornying

Vi har bygd smekre havgåande båtar i Noreg i meir enn tusen år. Båtbyggarfaget skal ta vare på desse tradisjonane og samtidig bidra til fornying.

Trebåtbyggarar skal kunne lage modellar av produkta og produsere heile eller deler av båtar i full storleik. Dei lagar tekniske løysingar og monterer inventar og utstyr.

Eigenskapar

Som trebåtbyggar arbeider du praktisk med materiale og verktøy. Du må ha gode handverksferdigheiter og sans for formgiving og idéutvikling. Du må kunne lage skisser og enkle arbeidsteikningar manuelt og ved bruk av digitale hjelpemiddel. I tillegg treng du kunnskap om mange typar materiale og å kunne utnytte dei kreativt.

Film frå båtbyggeriet

I filmen under (lengde 0:56) ser vi på nokre fine detaljar.

Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Utdanning

Utdanninga for å bli trebåtbyggjar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag. Etterpå vel du Vg2 båtbyggjar. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittelen er trebåtbyggjar.

Relatert innhald

Skrive av Svein Sandnes.
Sist oppdatert 05.06.2026