Trebåtbyggar
Film: Trebåtbygger
I filmen under (lengde 3:58) får du sjå korleis ein kan bygge ein liten pram. Det er ein liten båt utan kjøl.
Tradisjon og fornying
Vi har bygd smekre havgåande båtar i Noreg i meir enn tusen år. Båtbyggarfaget skal ta vare på desse tradisjonane og samtidig bidra til fornying.
Trebåtbyggarar skal kunne lage modellar av produkta og produsere heile eller deler av båtar i full storleik. Dei lagar tekniske løysingar og monterer inventar og utstyr.

Eigenskapar
Som trebåtbyggar arbeider du praktisk med materiale og verktøy. Du må ha gode handverksferdigheiter og sans for formgiving og idéutvikling. Du må kunne lage skisser og enkle arbeidsteikningar manuelt og ved bruk av digitale hjelpemiddel. I tillegg treng du kunnskap om mange typar materiale og å kunne utnytte dei kreativt.
Film frå båtbyggeriet
I filmen under (lengde 0:56) ser vi på nokre fine detaljar.
Utdanning
Utdanninga for å bli trebåtbyggjar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag. Etterpå vel du Vg2 båtbyggjar. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittelen er trebåtbyggjar.

Relatert innhald
Nettside hos nrk.no