Å støype ein vase

Arbeidsform: Individuell
Tid: ca. 8 skuletimar
Prosess

1. Skisseprosess
Bruk tid på å finne ei enkel og fin form til ein liten vase. For å slippe å dele gipsforma i fleire deler, må du tenke på at forma kun skal ha konvekse former. Det vil seie at kurvene krummar seg utover. (Sjå illustrasjonen til høgre)
2. Lage forma i kvitleire
Ta utgangspunkt i skissa di og bygg opp den ytre forma i kvitleire. Du skal ikkje tenke på at vasen skal vere hol, ettersom dette berre er ei form som du skal bruke til å ha gips over.
3. Lag gipsform
Ta forma du har laga av vasen din og ha den ned i eit beger eller liknande. Lag gipsmasse og hell ned i begeret.
4. Støype med flytande leire
Når gipsforma er tørka kan du støype sjølve vasen. (Følg prosessen som du finn i lenkene under.)
Relatert innhald
Fordelen med å støype i leire er at du får tynne, fine gjenstandar som kan masseproduserast. Ta utgangspunkt i ei eksisterande form eller lag ei sjølv.
Når du har laga ei gipsform, er det på tide og blande leire og gjennomføre støypeprosessen. Du kan f. eks. bruke flytande støypeleire i steingods.
Vurdering av ferdig produkt:
- Skisseprosess
- Form og dekor
- Gjennomføring
- Orden på arbeidsplassen