Politiske og ideologiske ytringar i handverk - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Politiske og ideologiske ytringar i handverk

Elisabeth Briseld har eit sterkt miljøengasjement og uttrykkjer dette gjennom broderi. Korleis kan du uttrykkje eigne kjensler eller meiningar gjennom eit handverk?
Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Del 1: Undersøk i grupper

Samarbeid i grupper på 2–3 elevar. Undersøk korleis ulike kulturar har brukt handverkstradisjonar til å seie noko om politikk eller .

Del 2: Uttrykk eigne kjensler og meiningar

  1. Kva brenn du for? Har du nokon meiningar eller kjensler du vil formidle til andre? La deg inspirere av undersøkinga i del 1, og planlegg korleis du kan bruke eit handverk til å formidle dette.
  2. Lag eit produkt der du uttrykkjer eigne kjensler eller meiningar.

Del 3: Presenter arbeidet ditt

  1. Vis døme på kva gruppa di fann ut i undersøkinga i del 1.
  2. Forklar kva du lét deg inspirere av, og korleis du har brukt eit handverk til å uttrykkje eigne kjensler eller meiningar.

Relatert innhald

Fagstoff
Innovasjon i treskjerarfaget

Korleis kan vi ta vare på tradisjonshandverk og samtidig bruke det på ein nyskapande måte? Even Hansen lèt oss følgje prosessen med å utvikle eit skrivebord.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020