Oppgåve
Lag olympisk genserdesign til vinterleikane i 2030
Noreg har hatt eigne strikkegenserar til OL og VM sidan 1956. I 2030 skal vinter-OL arrangerast i dei franske alpane. Lag forslag til korleis designet på OL-genseren i 2030 skal sjå ut. Kva element frå norsk strikketradisjon vil du bruke? Skal dekoren få inspirasjon frå fransk kultur?

OL-genseren frå 2018. Då vart vinter-OL arrangert i Pyeongchang i Sør-Korea. Bilete: House of Yarn/ Dale Garn / Avgrensa gjenbruk
Designprosess
Finn bilete av tidlegare OL-genserar og lag eit moodboard. Skriv gjerne ned stikkord om element som du meiner går igjen.
- Lag minimum tre ulike skisser til nytt design på OL-genseren 2030 der du vektlegg element og fargar som du vil bruke.
- Teikn designet du bestemmer deg for å bruke, for hand eller på data. Bruk fargar, og ver nøye med presentasjonen.
- Presenter forslaget ditt for klassen. Sei noko om kva som inspirerte deg, og kvifor du har tatt dei ulike vala undervegs.
- Heng opp dei ulike forslaga i klasserommet og sjå på dei saman. Er det element og fargar som går igjen? Er det noko som skil seg ut?

I 1956 pynta dei norske OL-deltakarane seg for første gong i spesialdesigna norsk strikk. Sidan den gongen har OL-genseren vore eit fast innslag både blant utøvarane og publikummarane.
Relatert innhald
Olympisk genserdesign
I 1956 pynta dei norske OL-deltakarane seg for første gong i spesialdesigna strikk. Sidan den gongen har OL-genseren vore eit fast innslag.
Utdrag fra "Norske OL-gensere fra 1956-2018" av Siri Sparboe
Nettside hos issuu.com