Krummingsforhold og vendepunkt. Dobbeltderiverttesten
Krummingsforhold og vendepunkt
Det kan vere interessant å finne ut kvar grafen til ein funksjon er brattast.
🤔 Tenk over: Kva er det som fortel oss kor bratt grafen til ein funksjon f er i eit punkt?
Jo brattare grafen til ein funksjon er, jo større er absoluttverdien til den deriverte, . Tilsvarande er absoluttverdien til den deriverte mindre jo slakare grafen til funksjonen er. Derfor er det interessant å finne ut kvar den deriverte har dei største og minste verdiane sine. Med andre ord: Vi er interesserte i å finne topp- og botnpunkta til den deriverte. Dei kan vi finne ved å bruke den deriverte av den deriverte.
Krummingsforhold
Funksjonen f er gitt ved
Denne funksjonen er òg drøfta under overskrifta "Monotonieigenskapane til ein tredjegradsfunksjon" på teorisida "Grunnleggande om funksjonsanalyse".
Vi deriverer funksjonen to gonger for å finne ut når grafen er brattast. Då får vi den deriverte av den deriverte, som vi til vanleg kallar den andrederiverte eller den dobbeltderiverte funksjonen . Legg merke til skrivemåten med to apostrofar (primteikn).
Vi løyser likninga :
Vi teiknar forteiknslinja til og grafen til funksjonen i det same koordinatsystemet.

Den andrederiverte, , skiftar forteikn frå negativt til positivt for . Det betyr at den deriverte, , har eit botnpunkt der. Det stemmer, for vi kan observere at i området mellom ekstremalpunkta til grafen er grafen brattast akkurat der.
🤔 Tenk over: Kva er forskjellen på grafen når , og når ? (Kanskje du får eit hint av smilefjesa på biletet.)
Generelt har vi at
- ein graf vender den hole sida opp når ; han krummar oppover
- ein graf vender den hole sida ned når ; han krummar nedover
At grafen vender den hole sida opp, , betyr at den deriverte veks. Det vil seie at sjølve funksjonen anten veks meir og meir eller minkar mindre og mindre.
At grafen vender den hole sida ned, , betyr at den deriverte minkar. Det vil seie at sjølve funksjonen minkar meir og meir eller veks mindre og mindre.
Vendepunkt
I punktet skiftar grafen frå å vende den hole sida ned til å vende den hole sida opp. Eit slik punkt kallar vi eit vendepunkt.
Generelt har vi at eit punkt på grafen der grafen skiftar frå å vende den hole sida ned til å vende den hole sida si opp, eller motsett, kallar vi eit vendepunkt. Vi kan òg seie at grafen skiftar krumming.
Den deriverte (dersom han eksisterer!) har anten den største verdien sin eller den minste verdien sin i vendepunktet. Det vil seie at funksjonen veks raskast eller minkar raskast i vendepunktet, og grafen til funksjonen er brattast der.
🤔 Tenk over: Har vi alltid eit vendepunkt dersom den dobbeltderiverte er lik 0?
🤔 Tenk over: Kan vi ha eit vendepunkt utan at den dobbeltderiverte er lik 0?
Definisjon av vendepunkt
Vi ønsker oss ein formell definisjon på kva som er eit vendepunkt. Vi har til no vist at vi må ha eit punkt på grafen der den dobbeltderiverte skiftar forteikn. Legg merke til at det ikkje er eit krav at den deriverte eller den dobbeltderiverte må eksistere i dette punktet, men det er eit krav at sjølve funksjonen må vere definert her. I tillegg til dette er det eit krav om at funksjonen må vere kontinuerleg i dette punktet. Nokre matematikarar krev i tillegg at det skal vere mogleg å teikne ein tangent i eit punkt for at det skal kunne definerast som eit vendepunkt, men vi vel her definisjonen som berre krev kontinuitet.
Då kan vi få denne definisjonen:
Eit punkt på grafen til ein funksjon er eit vendepunkt dersom er kontinuerleg for og har motsett forteikn for og i eit område rundt a.
Vendetangent
I oppgåver blir vi ofte bedne om å finne likninga for ein vendetangent. Ein vendetangent er tangenten til funksjonen i eit vendepunkt.
Døme
Vi vil finne likninga for vendetangenten til funksjonen gitt ved
Dette er den same funksjonen som vi brukte i dømet øvst på sida. Vi fann ut over at vi har eit vendepunkt for .
Det betyr at koordinatane til vendepunktet er .
Vi reknar så ut stigningstalet til tangenten i vendepunktet:
No veit vi at vendetangenten går gjennom punktet og har stigningstalet . Vi kan då bruke eittpunktsformelen og finne likninga for tangenten.
Vi har til slutt teke med ei oversikt over forteiknslinja til sjølve funksjonsuttrykket saman med forteiknslinjene til den første- og andrederiverte. Desse er teikna inn i koordinatsystemet saman med .

På grunnlag av forteiknslinjene er det mogleg å teikne ei skisse av grafen. Motsett kan vi ut frå grafen teikne dei tre forteiknslinjene. Ved hjelp av grafen kan vi altså tolke grunnleggande eigenskapar ved funksjonen.
Toppunkt eller botnpunkt? Dobbeltderiverttesten
Vi har brukt forteiknslinja til den deriverte for å avgjere om eit ekstremalpunkt er eit toppunkt eller eit botnpunkt. Den dobbeltderiverte gir oss ein ny metode for å avgjere dette.
Funksjonen er definert i CAS-vindauget. Sidan og er negativ, har grafen hol side ned og dermed eit toppunkt for .
Sidan og er positiv, har grafen hol side opp og dermed eit botnpunkt for .
Grafen har toppunkt og botnpunkt .