Addisjon av sannsyn
4.1.30
Tel opp kor mange gutar og jenter det er i klassen din akkurat no. Tenk deg at læraren din skal trekkje ut ein elev tilfeldig.
a) Kva er sannsynet for å trekkje ut ei jente?
b) Kva er sannsynet for å trekkje ut ein gut?
c) Legg saman sannsyna. Kva oppdagar du?
4.1.31
Det blir trekt ut tilfeldig ein elev frå ein klasse på 30 elevar. Denne eleven skal representere klassen i ein komité. Kor mange moglege utfall finst det?
4.1.32
Du snurrar eit lykkehjul som stansar tilfeldig på ein av fargane. Sjå figuren nedanfor.
a) Kor mange moglege utfall finst det?
b) Kva er sannsynet for at lykkehjulet stansar på raudt?
c) Lag ei sannsynsfordeling.
d) Kva er sannsynet for at lykkehjulet stansar på raudt eller på grønt?
4.1.33
Du snurrar eit lykkehjul som stansar tilfeldig på ein av fargane. Sjå figuren nedanfor.
a) Kor mange moglege utfall finst det?
b) Kva er sannsynet for at lykkehjulet stansar på raudt?
c) Lag ei sannsynsfordeling.
d) La hendinga vere at lykkehjulet stansar på raudt eller på blått. Kva er sannsynet for hendinga ?
e) Kva er sannsynet for at lykkehjulet ikkje stansar på raudt eller på blått?
4.1.34
Du har 3 blå kuler, 2 raude kuler, 4 svarte kuler og 1 kvit kule i ein boks.
a) Du trekkjer 1 kule tilfeldig frå boksen. Kva for moglege utfall har du?
b) Skriv opp ei sannsynsfordeling når du trekkjer 1 kule tilfeldig.
4.1.35
Du speler på eit lykkehjul som er delt opp i 24 like store delar. Du kjøper 4 ulike tal på lykkehjulet.
a) Kor stort sannsyn har du for å vinne?
b) Kor stort sannsyn har du for ikkje å vinne?
Du måtte betale 10 kroner for kvart av tala du kjøpte, altså 40 kroner. Premien for å kome på eit av dei 24 tala er 200 kroner.
c) Vil det, i det lange løp, lønne seg å spele på dette lykkehjulet?
4.1.36
Vi trekkjer eitt kort frå ein tilfeldig blanda kortstokk. Vi definerer følgjande hendingar:
: Kortet er ein hjarter.
: Kortet er ein konge.
: Kortet er spar 7.
a) Finn sannsynet for hendinga .
b) Finn sannsynet for hendinga .
c) Finn sannsynet for hendinga .
4.1.37

Vi kastar ei tikrone to gonger. Vi definerer følgjande hendingar:
: nøyaktig ein mynt
: minst ein mynt
a) Skriv opp utfalla vi får når vi tar omsyn til kastrekkjefølgja.
b) Kva er sannsynet for dei enkelte utfalla?
c) Kva for utfall er med i hendinga ?
d) Kva for utfall er med i hendinga ?
e) Kva er sannsynet for hendinga ?
f) Kva er sannsynet for hendinga ?
4.1.38

Vi kastar ei tikrone tre gonger. Vi definerer følgjande hendingar:
: nøyaktig to myntar
: minst to myntar
a) Skriv opp utfalla vi får når vi tar omsyn til kastrekkjefølgja.
b) Kva for utfall er med i hendinga ?
c) Kva for utfall er med i hendinga ?
d) Kva er sannsynet for hendinga ?
e) Kva er sannsynet for hendinga ?
4.1.39

Du kastar ein terning éin gong.
a) Lag ein sannsynsmodell. Kva slags modell er dette?
Vi definerer hendingane:
: å få eit tal på auge som er oddetal
: å få fire eller færre auge
b) Kva er ?
c) Kva er ?
d) Kva er ?
e) Kva er ?