Oppgåve
Å bruke valtre for å berekne sannsyn
Her kan du løyse oppgåver der du får bruk for valtre.
4.1.70
Vi kastar ei tikrone tre gonger.
a) Teikn eit valtre som illustrerer dei moglege utfalla vi kan få.
b) Kva er sannsynet for å få nøyaktig to myntar?
c) Kva er sannsynet for at vi ikkje får krone nokon av gongene?
4.1.71
Tenk deg ei prøve i matematikk med fire oppgåver. På kvar av oppgåvene skal du krysse av i éi av fire ruter for rett svar. Du er ikkje førebudd, og alle svaralternativa verkar like sannsynlege, så du berre gjettar.
a) Teikn eit valtre som illustrerer dei moglege utfalla vi kan få.
b) Kva er sannsynet for å få fire rette svar?
c) Kva er sannsynet for å få tre rette svar?
d) Kva er sannsynet for å få to rette svar?
e) Kva er sannsynet for å få eitt rett svar?
f) Kva er sannsynet for å få ingen rette svar?
