Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Delvis integrasjon

Her kan du øve på delvis integrasjon. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

Bruk delvis integrasjon for å bestemme integrala utan bruk av digitale hjelpemiddel.

a) ∫ex·4x dx

Løysing

∫ex·4x dx

Vi vel v og u':

  • v=4x, som gir v'=4

  • u'=ex, som gir u=ex

Vi bruker formelen for delvis integrasjon

∫u'·v dx=u·v-∫u·v' dx

og får

∫ex·4x dx = ex·4x-∫ex·4 dx= 4xex-4∫exdx= 4xex-4ex+C

b) ∫x·sinx dx

Tips

Vel v som den av faktorane som blir forenkla ved derivasjon.

Løysing

∫x·sinx dx

Vi vel v og u':

  • v=x, som gir v'=1

  • u'=sinx, som gir u=-cosx

Vi bruker formelen for delvis integrasjon

∫u'·v dx=u·v-∫u·v' dx

og set faktorane i "rett rekkefølge" for å få betre oversikt:

∫x·sinx dx =∫sinx·x dx= -cosx·x-∫-cosx·1 dx= -xcosx+∫cosx dx= -xcosx+sinx+C

c) ∫4x+3·sinx dx

Løysing

∫4x+3·sinx dx

Vi vel v og u':

  • v=4x+3, som gir v'=1

  • u'=sinx, som gir u=-cosx

Vi bruker formelen for delvis integrasjon

∫u'·v dx=u·v-∫u·v' dx

og markerer vala på faktorane for betre oversikt:

∫4x+3v·sinx u'dx = -cosx·4x+3-∫-cosx·4 dx= -cosx·4x+3+4∫cosx dx= -cosx·4x+3+4sinx+C= 4sinx-cosx·4x+3+C

d) ∫2x-7·cosx dx

Løysing

∫2x-7·cosx dx

Vi vel v og u':

  • v=2x-7 som gir v'=2

  • u'=cosx som gir u=sinx

Vi bruker formelen for delvis integrasjon

∫u'·v dx=u·v-∫u·v' dx

og får

∫2x-7v·cosx du'x = sinx·2x-7-∫sinx·2 dx= 2x-7sinx-2∫sinx dx= 2x-7 sinx-2-cosx+C= 2x-7 sinx+2cosx+C

e) ∫2x·lnx dx

Tips

I dette tilfellet blir begge faktorane forenkla ved derivasjon. Då må vi heller sjå på kva for ein av funksjonane som er enklast å integrere.

Løysing

∫2x·lnx dx

Vi vel v og u':

  • v=lnx, som gir v'=1x

  • u'=2x, som gir u=x2

Vi bruker formelen for delvis integrasjon

∫u'·v dx=u·v-∫u·v' dx

og får

∫2xv·lnxu' dx= x2·lnx-∫x2·1xdx=  x2·lnx-∫x dx= x2·lnx-12x2+C

f) ∫ex2·2x-1dx

Løysing

∫ex2·2x-1dx

Vi vel v og u':

  • v=2x-1, som gir v'=2

  • u'=ex2, som gir u=2ex2

Vi bruker formelen for delvis integrasjon

∫u'·v dx=u·v-∫u·v' dx

og får

∫ex2·2x-1dx = 2ex2·2x-1-∫ 2ex2·2 dx= 4x-2ex2-4∫ex2dx= 4x-2ex2-4·2ex2+C= ex24x-2-8 +C= ex24x-10 +C

Oppgåve 2

Ved hjelp av derivasjon fann vi ei løysing på ∫lnx dx på oppgåvesida "Grunnleggande reknereglar for integrasjon". Logaritmefunksjonen kan ikkje integrerast direkte, men ved hjelp av delvis integrasjon er det mogleg.

a) Korleis kan vi skrive lnx som eit produkt av to faktorar utan å endre verdien?

Svar

For å gå frå ein faktor til to faktorar utan å endre verdien kan vi multiplisere med 1, slik at integralet blir ∫lnx·1 dx.

b) Bruk delvis integrasjon og metoden over til å bestemme ∫lnx dx.

Løysing

∫1·lnx dx

Vi vel v og u':

  • v=lnx, som gir v'=1x

  • u'=1, som gir u=x

Vi bruker formelen for delvis integrasjon og får

∫1u'·lnx vdx = xlnx-∫x·1xdx= xlnx-∫1 dx= xlnx-x+C

c) Bruk løysinga frå b) til å bestemme ∫lnx2dx.

Tips

Hugs at lnx2 kan skrivast som to faktorar: lnx·lnx.

Løysing

∫lnx2dx=∫lnx·lnx dx

Vi vel v og u':

  • v=lnx, som gir v'=1x

  • u'=lnx, som gir xlnx-x

Vi bruker formelen for delvis integrasjon og får

∫lnx·lnx dx = xlnx-x·lnx-∫xlnx-x·1xdx=  xlnx-x·lnx-∫lnx-1dx= xlnx2-xlnx- xlnx-x-x+C= xlnx2-2xlnx+2x+C

Oppgåve 3

I nokre tilfelle finn vi ikkje løysinga til det bestemde integralet etter å ha nytta delvis integrasjon éin gong, men dersom uttrykket då har vorte enklare, er det ei moglegheit for at vi kan finne løysinga ved å bruke delvis integrasjon fleire gonger.

Vi skal prøve ut dette for å bestemme ∫ex·x2dx.

a) Vel v=x2 og u'=ex og gjennomfør delvis integrasjon ein gong. Kva finn du ut?

Løysing

∫ex·x2dx

Vi vel v og u':

  • v=x2, som gir v'=2x

  • u'=ex, som gir u=ex

Vi bruker formelen for delvis integrasjon og får

∫ex·x2dx = ex·x2-∫ex·2x dx= ex·x2-2∫ex·x dx

Den nye integranden er enklare enn den vi starta med, men framleis ikkje så enkel at vi kan integrere direkte.

b) Vel u'=ex og v=x og gjennomfør delvis integrasjon på nytt. Kva finn du ut no?

Løysing

Frå første "runde" med delvis integrasjon har vi

∫ex·x2dx = ex·x2-2∫ex·x dx

Vi vel v og u':

  • v=x, som gir v'=1

  • u'=ex, som gir u=ex

Vi bruker formelen for delvis integrasjon på nytt og får

∫ex·x2dx = ex·x2-2∫ex·x dx= ex·x2-2ex·x-∫ex·1 dx= ex·x2-2·ex·x+2·ex+C= exx2-2x+2+C

c) Vi ser at vi fann løysinga ved å gjere delvis integrasjon to gonger. Kan vi sjå ut frå integranden vi starta med, at løysinga vil krevje to "rundar" med delvis integrasjon?

Svar

Delvis integrasjon handlar om å forenkle det som skal integrerast. Ofte skjer dette ved at ein av faktorane blir forenkla ved derivasjon.

I vårt tilfelle inneheld integranden faktorane ex og x2.

  • ex kan ikkje forenklast verken ved integrasjon eller derivasjon.

  • x2 krev to "rundar" med derivasjon for at resultatet blir 1, og ein faktor lik 1 (eller ein annan konstant) vil som regel medføre at integrasjonen kan gjennomførast.

Dette betyr at vi kan sjå frå start at vi må gjennomføre to rundar med delvis integrasjon for å bestemme integralet.

Oppgåve 4

Bestem integrala ved å gjennomføre delvis integrasjon fleire gonger.

a) ∫x2·sinx dx

Løysing

∫x2·sinx dx

Vi vel v og u':

  • v=x2, som gir v'=2x

  • u'=sinx, som gir u=-cosx

Vi bruker formelen for delvis integrasjon, byter rekkefølga på faktorane for betre oversikt og får

∫x2·sinx dx = ∫sinx·x2dx= -cosx·x2-∫-cosx·2x dx= -cosx·x2+∫cosx·2x dx

Vi vel v og u' på nytt ut frå ny integrand:

  • v=2x, som gir v'=2

  • u'=cosx, som gir u=sinx

Vi bruker formelen for delvis integrasjon og får

∫sinx·x2dx=-cosx·x2+∫cosx·2x dx

   =-cosx·x2+sinx·2x-∫sinx·2 dx=-cosx·x2+sinx·2x-2∫sinx dx=-cosx·x2+sinx·2x-2-cosx+C=cosx2-x2+2x·sinx+C 

b) ∫x3·e2xdx

Tips

Her må du bruke delvis integrasjon tre gonger.

Løysing

∫x3·e2xdx

Vi vel v og u':

  • v=x3, som gir v'=3x2

  • u'=e2x, som gir u=12e2x

Vi bruker formelen for delvis integrasjon og får

∫x3·e2xdx = 12e2x·x3-∫12e2x·3x2dx= 12e2x·x3-32∫e2x·x2dx

Vi vel v og u':

  • v=x2, som gir v'=2x

  • u'=e2x, som gir u=12e2x

Vi bruker formelen for delvis integrasjon for andre gong og får

12e2x·x3-32∫e2x·x2dx

   =12e2x·x3-3212e2x·x2-∫12e2x·2x dx=12e2x·x3-34e2x·x2+32∫12e2x·2x dx 

Vi vel v og u':

  • v=x, som gir v'=1

  • u'=e2x, som gir u=12e2x

Vi bruker formelen for delvis integrasjon for tredje gong og får

12e2x·x3-34e2x·x2+32∫12e2x·2x dx

   =12e2x·x3-34e2x·x2+3212e2x·x-∫12e2x·1 dx=12e2x·x3-34e2x·x2+34e2x·x-34∫e2xdx=12e2x·x3-34e2x·x2+34e2x·x-34·12e2x+C=e2x12x3-34x2+34x-38+C 

Oppgåve 5

Vi skal til slutt sjå på eit spesielt tilfelle.

a) Vi ønsker å løyse∫ex·sinx dx. Kva er spesielt med dette integralet samanlikna med dei vi har løyst tidlegare?

Svar

Ingen av dei to faktorane blir forenkla verken ved integrasjon eller derivasjon.

b) Utfør to rundar med delvis integrasjon på ∫ex·sinx dx.

Løysing

∫ex·sinx dx

Vi vel v og u':

  • v=sinx, som gir v'=cosx

  • u'=ex, som gir u=ex

Vi bruker formelen for delvis integrasjon og får

∫ex·sinx dx = ex·sinx-∫ex·cosx dx

Vi vel v og u' på nytt ut frå ny integrand:

  • v=cosx, som gir v'=-sinx

  • u'=ex, som gir u=ex

Vi bruker formelen for delvis integrasjon på nytt og får

ex·sinx-∫ex·cosx dx

   =ex·sinx-excosx-∫ex·-sinxdx=ex·sinx-excosx-∫ex·sinx dx 

c) Kva er spesielt med resultatet vi får etter å ha utført delvis integrasjon to gonger?

Tips

Samanlikn med det opphavlege integralet.

Svar

Det opphavlege integralet finst i uttrykket som vi har komme fram til etter å ha utført delvis integrasjon to gonger.

d) Sett det opphavlege integralet lik resultatet du fekk i b), og løys likninga med omsyn på det opphavlege integralet.

Løysing

∫ex·sinx dx = ex·sinx-ex·cosx-∫ex·sinx dx2·∫ex·sinx dx = ex·sinx-ex·cosx+C1∫ex·sinx dx  = 12ex·sinx-12ex·cosx+12C1∫ex·sinx dx  = 12exsinx-cosx+C

Kommentar: Konstantleddet 12C1 blir sett lik C for å gjere uttrykket enklast mogleg.

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Skrive av Vibeke Bakken.
Sist oppdatert 26.08.2025