Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Rekning med vektorar på koordinatform

Koordinatform gjer det lettare å rekne med vektorar.

Summen av vektorar

Gitt vektorane

p→=1, 2  og  q→=3, 1

Vi ser av teikninga at

p→+q→=4, 3

Vi har altså at

1, 2+3, 1=4, 3

Med CAS i GeoGebra kan du leggje saman to vektorar a→ og b→ ved først å definere dei to i CAS.

Ser du samanhengen?

1, 2+3, 1=1+3, 2+1=4, 3

Vi finn summen av to vektorar på koordinatform ved å addere førstekoordinatane og andrekoordinatane kvar for seg.

Vi kan vise at denne setninga er riktig ved å skrive vektorane som ein sum av einingsvektorar.

x1, y1+x2, y2 = x1·ex→+y1·ey→+x2·ex→+y2·ey→                                           =x1·ex→+x2·ex→+y1·ey→+y2·ey→                      =x1+x2·ex→+y1+y2·ey→                       =x1+x2, y1+y2

Subtraksjon av vektorar på koordinatform

Vi hugsar at å trekkje ein vektor frå ein annan er det same som å addere den negative vektoren som på denne måten:

a→-b→=a→+(-b→) 

Då kjem det kanskje heller ikkje som ei overrasking at vi finn differansen mellom to vektorar slik som dette:

Gitt vektorane

p→=1, 2  og  q→=3, 1

Vi ser at

p→-q→=-2, 1

Vi har altså at

1, 2-3, 1=-2, 1

Du ser sikkert samanhengen her?

1, 2-3, 1=1-3, 2-1=-2, 1

Vi finn differansen mellom to vektorar på koordinatform ved å subtrahere førstekoordinatane og andrekoordinatane kvar for seg.

x1, y1-x2, y2=x1-x2, y1-y2

Vi kan, på same måte som ved addisjon, vise at denne setninga er riktig ved å skrive vektorane som ein sum av einingsvektorar.

x1, y1-x2, y2 = x1·ex→+y1·ey→-x2·ex→+y2·ey→                                           =x1·ex→-x2·ex→+y1·ey→-y2·ey→                      =x1-x2·ex→+y1-y2·ey→                       =x1-x2, y1-y2

Multiplikasjon av vektor med tal

Vi multipliserer ein vektor på koordinatform med eit tal ved å multiplisere begge vektorkoordinatane med talet.

Gitt vektoren

p→=1, 2

Vi ser av figuren at

2·p→=2, 4

Vi har altså at

2·1, 2=2·1, 2·2=2, 4

Med CAS i GeoGebra får vi det same resultatet. Vi minner om at det er viktig å definere vektoren for å kunne rekne vidare med han, og at den vesle bokstaven a gjer at CAS tolkar dette som ein vektor.

Vi multipliserer ein vektor med eit tal ved å multiplisere begge vektorkoordinatane med talet.

t·x, y=t·x, t·y

Vi kan igjen vise at denne setninga er riktig ved å skrive vektorane som ein sum av einingsvektorar.

t·x, y = t·x·ex→+y·ey→                    =t·x·ex→+t·y·ey→          =t·x, t·y

Videoar om rekning med vektorar på koordinatform

Addisjon (lengde 6:10)

Film: Tom Jarle Christiansen / CC BY-NC-SA 4.0

Subtraksjon (lengde 6:41)

Film: Tom Jarle Christiansen / CC BY-SA 4.0

Multiplikasjon (lengde 3:36)

Film: Tom Jarle Christiansen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Olav Kristensen, Stein Aanensen og Tove Annette Holter.
Sist oppdatert 10.03.2025