Parameterframstillingar for linjer
Parameterframstilling
Gitt to punkt A og B. La P vere eit vilkårleg punkt på linja gjennom A og B. Då vil det alltid finnast ein skalar t slik at
Posisjonsvektoren til punktet P kan då skrivast som
Når t gjennomløper alle verdiar, vil P gjennomløpe heile linja.
Variabelen t blir kalla ein parameter.
Posisjonsvektoren beskriv linja gjennom A og B ved hjelp av parameteren t, og vi har ei parameterframstilling av linja.
La A ha koordinatane , og B koordinatane .
Parameterframstillinga for linja l gjennom A og B blir
På koordinatform får vi
Det er vanleg å skrive parameterframstillinga til linja l på forma
Korleis framstiller vi kurva?
Ved papir og blyant
Vi lagar ein tabell som viser x- og y-koordinatane for utvalde verdiar av t.
Vi kan så plotte punkta, x- og y- koordinatane, i eit koordinatsystem, og trekkje ei kurve gjennom punkta. I dette tilfellet blir kurva ei rett linje.
t | 0 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 |
|---|---|---|---|---|---|---|
x | 1 | 3 | 5 | 7 | 9 | 11 |
y | 4 | 3 | 2 | 1 | 0 | -1 |
Digitalt
På skrivelinja i GeoGebra kan du bruke kommandoen "Kurve(<Uttrykk>,<Uttrykk>,<Parametervariabel>,<Start>,<Slutt>)" og til dømes skrive Kurve(1+2t, 4-t, t, -1, 5) for å få plotta linjestykket for t-verdiar mellom og 5.
(Legg merke til at dette ikkje er det same som at x ligg mellom og 5!)
Generell kurve
I staden for å kjenne to punkt på linja, er det nok å kjenne eitt punkt på linja og ein tilfeldig vektor som er parallell med linja. Vi kallar ein slik vektor for ein retningsvektor for linja.
Vi får
Ei linje gjennom punktet med retningsvektor , har parameterframstillinga
Nyttig å vite!
Legg òg merke til at linjene
og
står normalt på kvarandre sidan retningsvektorane til linjene gjer det.
sidan