Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Dekomponering av vektorar

Å dekomponere ein vektor betyr å skrive han som ein vektorsum.

Dekomponering ved hjelp av einingsvektorar

Når vi finn koordinatforma til ein vektor, bruker vi einingsvektorane. Av figuren ser vi at

a→=ax→+ay→

Vi seier at vi har dekomponert a→ i vektorkomponentane ax→ og ay→.

På koordinatform kan vi skrive

a→  = ax→+ay→5, 3 = 5, 0+0, 3

Vi har tidlegare skrive dette som a→=5ex→+3ey→ .

Dekomponering med andre vektorar

Vi kan bruke kva vektorar vi vil til å dekomponere ein vektor. Det vil seie at om vi har ein vektor u→ og to andre vektorar a→ og b→, der a→∦b→ , kan vi alltid skrive u→ som ein sum av vektorar som er multiplar av a→ og b→.

Vi ser på den same vektoren som over. På biletet til høgre har vi at

u→ = [5,3]a→ = [1,2]b→ = [3,-1]

Her ser vi at vi har funne vegen frå startpunktet til u→ til endepunktet til u→ ved å leggje saman 2a→ og 1b→. Vi har altså at u→=2a→+b→.

Prøv om du kan dekomponere vektor u→ om vi bruker desse vektorane:

a→=[3,2],b→=[6,3]

Tips

Vi prøver oss litt fram og finn at vi har

u→ = a→+13b→= [3,2]+13[6,3]= [3,2]+[2,1]= [5,3]

Vi kan òg setje opp ei vektorlikning:

t·a→+s·b→ = u→3t,2t+6s,3s = 5,33t+6s = 5t = 53-2s2t+3s = 3253-2s+3s = 3s = 13t = 53+2s= 53+2·13= 1

Skrive av Olav Kristensen, Stein Aanensen og Tove Annette Holter.
Sist oppdatert 04.02.2025