Ein by har mange rette gater. Om vi legg eit rutenett over byen, kan vi seie at sentralstasjonen er origo. Eit anna knutepunkt, stasjon , ligg i punktet . Eininga på aksane er 100 meter.
Ei bussrute som går frå sentralstasjonen, følgjer linja i parameterframstillinga, der står for minutt:
Ei anna bussrute går frå stasjon og følgjer linja i denne parameterframstillinga:
a) Finn koordinatane til busstoppet dei to rutene har felles.
Løysing
Vi byter parameter i den eine linja og løyser likningssystemet:
Vi har at koordinatane til det felles busstoppet er .
b) Forklar at dersom dei to bussane startar samtidig, vil dei ikkje vere på busstoppet samtidig.
Løysing
Om bussane skal vere på busstoppet samtidig, må det finnast ein slik at begge linjene gir punktet . Vi veit at gir dette for linje . Vi sjekkar for linje :
Bussane er altså ikkje på busstoppet samtidig.
c) Det går ein buss frå sentralstasjonen klokka 15.20. Ein passasjer skal over på bussen som går frå stasjon . Når kan denne bussen tidlegast gå dersom overgangen skal vere mogleg?
Løysing
Vi veit at bussen frå stasjon bruker 3 minutt og 20 sekund til det felles busstoppet. (Dette veit vi fordi .)
Vi finn ut kva er i møtepunktet for bussen som kjem frå sentralstasjonen:
Bussen frå sentralstasjonen er på møtepunktet klokka 15.25, det vil seie at bussen frå stasjon må gå tidlegast 15.21.40 frå stasjonen.
d) Finn farta til bussen som går frå stasjon . Gi svaret i .
Løysing
Her opererer vi med konstant fart, sjølv om vi veit at bussar stoppar på busstoppa:
Sidan eininga på aksane er 100 m og parameteren står for minutt, betyr det at bussen beveger seg 540 m per minutt. Vi gjer om til :
Til no har du berre jobba med parameterframstilling for rette linjer. Her skal du få sjå at ein kan framstille andre typar kurver på den same måten.
Ein spydkastar kastar spydet i ein parabelbane gitt ved parameterframstillinga:
Her er talet på sekund etter at spydet er kasta. -aksen er langs bakken, og lengdene er målte i meter.
a) Teikn kurva som viser banen til spydet.
Løysing
Vi skriv Kurve(20t,2+20t-4.9t2,t,0,5) i GeoGebra og får denne kurva:
b) Rekn ut kor lang tid det vil ta før spydet treffer bakken og lengda på kastet.
Løysing
Spydet treffer bakken når . Vi løyser likninga (løys ho gjerne i CAS):
Vi kan berre bruke den positive løysinga, så spydet landar etter cirka 4,18 sekund.
Lengda på kastet finn vi ved å setje inn i -koordinaten.
c) Finn når spydet er på sitt høgaste, og kor høgt det er då.
Løysing
Her må vi finne ekstremalpunktet til kurva. I ein vanleg funksjon gjer vi dette ved å setje den deriverte lik 0, og det gjer vi òg i ein vektorfunksjon. Sidan det er høgda vi skal finne, er det -koordinaten vi må derivere:
Vi set inn i -koordinaten:
Vi ser at spydet er på sitt høgaste etter cirka 2 sekund, og at spydet er cirka 22,4 m over bakken då.
d) Ein finn akselerasjonen ved å derivere posisjonsvektorfunksjonen to gonger og så rekne ut lengda av denne vektoren. Finn akselerasjonen til spydet.