Ulikskapar av andre grad
Vi skal løyse ulikskapen
Her kan vi ikkje bruke dei vanlege metodane vi bruker når vi løyser ulikskapar av første grad.
Utforsking av ulikskapen
Vi ordnar først ulikskapen slik at vi får null på høgre side, ikkje ulikt slik vi gjer med andregradslikningar.
Denne ulikskapen har den same løysinga som den øvste. Vi startar med å løyse den ordna ulikskapen grafisk. Vi set lik uttrykket på venstre side og teiknar grafen til funksjonen i GeoGebra. Den ordna ulikskapen spør etter når uttrykket på venstre side er mindre enn null. Grafisk betyr det når grafen til ligg under -aksen. Vi finn nullpunkta til funksjonen med verktøyet "Nullpunkt". Frå GeoGebra får vi at nullpunkta er
Grafen ligg under -aksen når er mellom desse to verdiane. Løysinga på ulikskapen kan vi derfor skrive som
Dette svaret er òg ein ulikskap, ein dobbel ulikskap, som seier at skal vere større enn 1 og samtidig mindre enn 4. Vi kan òg skrive løysinga som
Skrivemåten betyr "x er element i intervallet ⟨1, 4⟩", altså at er med i intervallet frå 1 til 4.
Kvifor er ikkje tala 1 og 4 med i løysinga?
Løysing ved rekning for hand
Korleis skal vi så gjere dette ved rekning for hand utan å teikne grafen? Vi kan i alle fall starte med å finne ut når uttrykket på venstre side av den ordna ulikskapen er lik null ved å løyse andregradslikninga
Vi bruker abc-formelen.
Vi veit no at uttrykket er lik 0 når og når .
Problemet er at vi veit ikkje om uttrykket er større eller mindre enn null når vi til dømes er mellom nullpunkta. Det vi kan gjere, er å teste uttrykket ved å setje inn -verdiar på kvar side av nullpunkta og sjå om vi får eit svar som er større eller mindre enn null. Vi bruker då at grafen til ein slik funksjon berre kan skifte forteikn i nullpunkta, noko som gjeld for alle polynomfunksjonar slik som vi har her.
Det betyr at uttrykket anten er positivt eller negativt for alle -verdiar i kvart av dei tre intervalla og . Vi testar uttrykket for -verdiane 0, 2 og 5, som ligg i kvart sitt intervall.
For får vi
(Uttrykket er positivt.)
For får vi
(Uttrykket er negativt.)
For får vi
(Uttrykket er positivt.)
Kvifor veit vi no at løysinga på ulikskapane er -verdiane mellom 1 og 4?
No har vi det vi treng for å skrive opp løysinga. Oppgåva vår var å finne ut for kva verdiar av det stemde at . Det er det same som å finne ut når . Då er løysinga
som vi fann tidlegare.
I løysinga testa vi med -verdiar på kvar side av nullpunkta for å avgjere i kva intervall løysinga ligg. Kunne vi ha brukt kjende eigenskapar ved andregradsfunksjonen til å finne ut det same utan å teste?
Løysing med CAS
Ved CAS i GeoGebra skriv vi den opphavlege ulikskapen rett inn og bruker knappen . Då vil det sjå ut som vist nedanfor.
Vi ser at GeoGebra skriv svaret som ein dobbel ulikskap.
Vi kan òg skrive ulikskapen inn i kommandoen "Løys()":
Løys(x^2<5x-4)
Grafisk løysing
Vi løyser ulikskapen grafisk på den same måten som vi gjorde med lineære ulikskapar.
Beskriv gangen i framgangsmåten for å løyse ulikskapen i dette dømet.
Gjennomfør den grafiske løysinga.
Eit siste spørsmål: Kva er skilnaden på den grafiske løysinga her og det vi gjorde grafisk lengre opp på sida under overskrifta "Utforsking av ulikskapen"?