Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Om faget 2P-Y

Velkommen til matematikk 2P-Y – faget for påbygg.

Oppbygginga av fagsidene

Sidene våre består av fagstoffsider med teori og oppgåvesider. Fagstoffsidene kan òg innehalde spørsmål og mindre oppgåver eller aktivitetar som høyrer til teorien som blir presentert. Det er meininga at du skal jobbe med dette før du går vidare.

Dei fleste fagstoffsidene har eigne oppgåvesider. Ut frå rekkefølga på sidene i lista over læringsressursar som er nedst på alle sidene, får du oversikt over kva oppgåvesider som høyrer til kvar. Den sida du står på, blir markert.

Til dei fleste oppgåvene er det eit løysingsforslag, ikkje berre ein fasit med rett svar. Løysingsforslaga er "gøymde" i klikkbare boksar rett under kvar oppgåve eller nedst på sida. Vi tilrår at du jobbar grundig med oppgåvene og berre kikkar på løysingane for å sjekke om løysingsmetoden din gav rett svar.

Jobb digitalt med faget

Du kan arbeide heilt digitalt i matematikkfaga om du vil. Dei fleste oppgåvene kan lastast ned som tekstfiler til datamaskina di. Dei aller fleste større skriveprogramma og OneNote har ein innebygd formeleditor som du kan legge inn matematiske formlar med når du jobbar med oppgåvene. Oppgåvefilene har ikkje innebygde løysingsforslag, men løysingane finn du på nettsidene.

Mange av oppgåvene til opplæringa i programmering kan lastast ned og opnast i det interaktive programmeringsmiljøet Jupyter Notebook eller i JupyterLab Desktop.

Vi har òg ein del interaktive oppgåver. Dei har ofte ein tittel som byrjar med "Kva kan du om ..." eller liknande. Med desse oppgåvene kan du teste om du har fått med deg viktig fagstoff.

Matematikk 2P-Y og kunstig intelligens

Utviklinga av kunstig intelligens er i startfasen, og mykje vil endre seg i åra som kjem. Vi har medvite valt å ikkje lage oppgåver der vi oppmodar til bruk av praterobotar. Dei kan hjelpe deg med å finne ut korleis du skal løyse ei matematikkoppgåve, men hugs å alltid vere kritisk til svara du får. Ein praterobot er ein språkmodell og ikkje alltid ein super kalkulator.

I programmering kan språkmodellar vere eit godt verktøy, men du bør alltid tenke over om du forstår dei programma du bruker. Hugs at i matematikk er programmering ein reiskap for å forstå matematikken.

GeoGebra

Du kjem til å bruke det matematiske programmet GeoGebra mykje i faget. Matematikksenteret har gitt ut ein nyttig opplæringsmanual til dette programmet:

Matematikksenteret: GeoGebra 6.0 for videregående skole

Algoritmisk tenking og programmering

Algoritmisk tenking og programmering er ein del av matematikk 2P-Y. På sidene våre er det mange stader bygd inn ein programmeringseditor som du kan bruke til å løyse oppgåver som krev skriving og køyring av programkode. Vi tilrår likevel at du lastar ned ein eigen programmeringseditor eller eit eige programmeringsmiljø slik at du kan lagre dei programma du lagar.

I matematikk 1T får du ei grunnleggande opplæring i algoritmar og programmering med språket Python.

For å finne fagstoffet kan du bruke søkefunksjonen, eller du kan starte på fagframsida og velje emne. Når du har valt ei teori- eller oppgåveside, kan du navigere vidare ved hjelp av brødsmulestien øvst på sida.

Nedst på alle sidene ligg ei liste over læringsressursar. Ho viser kvar du er i emnet, og kva for nokre andre artiklar som ligg i dette emnet.

Når du har valt eit emne, ser du kva innhaldet i emnet er. Dersom emnet har tilleggsressursar, vil det vere ein brytar å klikke på for å vise desse. Tilleggsressursar er fagstoff som kan støtte opp under opplæringa i faget, men som ikkje er absolutt nødvendig.

Kva forskjellar er det mellom nye og gamle 2P-Y på ndla.no?

Etter kunnskapsløftet 2006 var det slik at kombinasjonane 1P+2P og 1P-Y +2P-Y inneheldt nøyaktig dei same kompetansemåla. Slik er det ikkje lenger. Elevane som skal ha 2P-Y, kjem frå 1P-Y der kompetansemåla varierer litt frå programområde til programområde. Derfor vil det for nokre elevar vere lette emne i 2P-Y som blir gjenteke frå 1P-Y, mens for andre elevar vil alt vere nytt. Til dømes vil elevar som ikkje har hatt geometri i 1P-Y, ikkje få geometri i det heile.

Skrive av Bjarne Skurdal.
Sist oppdatert 04.03.2026