Målestokk
Oppgåve 1
Vi har eit kart i målestokk 1 : 40 000.
a) På kartet måler vi at det er 8,5 cm frå fastlandet og ut til ei øy. Kor lang er denne avstanden i røynda?
b) Avstanden mellom to skjer er omtrent 5 200 meter. Finn kor mange centimeter dette utgjer på kartet.
Avstand på sjøen blir vanlegvis målt i nautiske mil. Ei nautisk mil er 1 852 meter.
c) På kartet måler vi at det er 10,5 cm frå Sånum til Stussøy. Finn avstanden i nautiske mil mellom desse to stadene.
Fart på sjøen blir vanlegvis målt i knop. Knop er talet på nautiske mil per time (nautiske mil/h). Er farten din 10 knop, kjem du 10 nautiske mil på ein time. Er farten 7 knop, kjem du 7 nautiske mil på ein time og så vidare.
d) Tenk deg at du er på båttur frå Sånum til Stussøy med ein fart på 6 knop. Kor lang tid tek båtturen?
Oppgåve 2
På eit kart er avstanden mellom Oslo og Bergen i luftlinje cirka 10 cm. I røynda er avstanden cirka 306 km i luftlinje.
Kva er målestokken på kartet?
Oppgåve 3
a) Teikn ei skisse av pulten eller bordet du sit ved. Bruk målestokk 1 : 10.
b) Teikn ei skisse av mobilskjermen din eller noko anna som har same storleik. Bruk målestokk 3 : 1.
Oppgåve 4
Ei arbeidsteikning av ein maskindel er i målestokk 5 : 1.
a) Kva betyr det at målestokken er 5 : 1?
b) Eit mål på teikninga er 100 mm. Kor mange millimeter blir dette i røynda?
c) Maskindelen har ei lengde på 21 mm. Kva blir målet til delen på teikninga?
Oppgåve 5
I dei fleste mobiltelefonar blir det brukt eit simkort for å kople telefonen opp mot tilbydaren av teletenester. Den vanlegaste sim-kortstorleiken kallar vi for nano-sim. Desse korta er .
a) Tenk deg at du skal lage ei arbeidsteikning av sim-kortet. Eit A4-ark er . Du vil lage ei arbeidsteikning i målestokk 10 : 1. Får du plass til denne arbeidsteikninga på A4-arket?
b) Kva er den største målestokken du kan ha på arbeidsteikninga di dersom ho skal få plass på A4-arket?
Oppgåve 6
Kva kan du om kart og arbeidsteikningar?
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.
- Målestokk(DOCX)
- Målestokk(PDF)