Trekantane DEF og GHF har felles vinkel F. Dei parallelle linjene DE og GH blir skorne av linjene gjennom DF og EF. Når to parallelle linjer blir skorne av ei tredje linje, er dei samsvarande vinklane like store, det vil seie at vinkel FED er lik vinkel FHG og så vidare. Trekantane har dermed parvis like store vinklar og er då formlike.
Figuren viser to trekantar CDS og ABS. CD er parallell med AB.
Forklar at △CDS er formlik med △ABS.
Bilete 2.3.4
Løysing
Toppvinklane BSA og CSD er like store. Dei parallelle linjene gjennom A og B og gjennom C og D blir skorne av linjene gjennom A og D og gjennom B og C. Når to parallelle linjer blir skorne av ei tredje linje, er dei samsvarande vinklane like store. Trekantane har dermed parvis like store vinklar og er då formlike.
Noregs høgaste tre skal vere grantreet "Goliat" i Aurskog-Høland. Lise vil finne ut kor høgt treet er. Ho plasserer ein 2,0 meter loddrett stav på bakken 10,0 meter framom treet. Lise siktar inn ei rett linje frå toppen av treet gjennom toppen av staven, som treffer bakken 0,5 meter frå staven. Bruk formlikskap og rekn ut kor høgt treet er.
Løysing
Trekanten danna av bakken, staven og siktelinja er formlik med trekanten som blir danna av bakken, treet og siktelinja. Trekantane har felles vinkel der siktelinja treffer bakken, og både staven og treet dannar 90° med bakken.
På figuren er sida PQ parallell med RT. Forklar kvifor trekantane PQS og RST er formlike.
Kva side er tilsvarande til ST? Finn lengda til denne sida.
Formlike trekantar
Løysing
fordi dei er toppvinklar.
Linjene PT og RQ skjer dei parallelle linjene PQ og RT, og vi har då at dei samsvarande vinklane er like. Til dømes er .
Trekantane har då parvis like store vinklar og er formlike. Då , er sidene PS og ST tilsvarande sider fordi dei er motståande sider til like store vinklar.
Vi står på Sjøsanden i punktet D og skal berekne avstanden ut til Hatholmen (sjå figuren). Vi måler avstandar og finn at , , og .
Kva blir avstanden ut til Hatholmen?
Kart over området Sjøsanden-Hatholmen
Løysing
△DCE og △BCA er formlike fordi vinkel C er lik i dei to trekantane (toppvinklar), og begge trekantane er rettvinkla. Forholdet mellom dei tilsvarande sidene CD og BC blir
For at to firkantar skal vere formlike, må både alle par av samsvarande vinklar vere like store og forholdet mellom alle sidene vere like.
Vi ser på firkanten til venstre. Vi har at grunnlinja og topplinja er like lange, og at eit par av motståande vinklar er like store. Då har vi å gjere med eit parallellogram, og vi kan finne dei to andre vinklane:
Tilsvarande kan vi sjå på firkanten til høgre at den òg er eit parallellogram, sidan eit par av motståande sider er like lange, og eit par av motståande vinklar er like store. Dermed har vi at vinklane i firkanten er like store.
Vi ser no på forholdet mellom dei motståande sidene: