Her finn du blanda oppgåver der du skal bruke trigonometri. Du kan bruke alle hjelpemiddel om det ikkje står noko anna. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.
Den gitte sida BC er motståande katet til den gitte vinkelen A. Då kan vi bruke tangens til å finne hosliggande katet, AB. Vi bruker definisjonen av tangens og løyser likninga vi får i GeoGebra. Så bruker vi deretter pytagorassetninga for å finne hypotenusen AC.
Vi får at og .
Vi kunne òg ha brukt sinus til å finne hypotenusen AC og etterpå funne den andre kateten med til dømes pytagorassetninga.
b)
Løysing
Den gitte sida AB er hosliggande katet til den gitte vinkelen A. Då kan vi bruke tangens til å finne motståande katet, BC. Vi bruker definisjonen av tangens og løyser likninga vi får i GeoGebra. Så bruker vi deretter pytagorassetninga for å finne hypotenusen AC.
Vi får at og .
c)
Løysing
Den gitte sida AB er motståande katet til den gitte vinkelen C. Då kan vi bruke sinus til å finne hypotenusen, AC. Så bruker vi deretter pytagorassetninga for å finne kateten BC.
Sidan BC er veldig liten i forhold til dei to andre sidene, bør vi bruke tre desimalar i GeoGebra for å få god nok nøyaktigheit på utrekninga i linje 3.
b) Forklar at det er to trekantar som tilfredsstiller krava. Teikn ei skisse av dei to trekantane.
Løysing
Likninga har to løysingar. Vi får éin vinkel i intervallet og éin vinkel i intervallet . Sidan sinusverdien til vinkel C er nær 1, vil den vinkelen som er større enn 90°, ikkje vere så stor at summen av han og vinkel A blir 180° eller meir. Begge løysingane av likninga kan derfor brukast, og vi får to moglege trekantar som tilfredsstiller krava.
I skissa nedanfor har vi òg teke med ein sirkel med sentrum i B og radius lik 3 for å vise at det finst to punkt på strålen AC som ligg 3 cm frå B, punkta C1 og C2.
I ein annan trekant ABC er , og .
c) Bestem i denne trekanten.
Løysing
Vi bruker cosinussetninga:
d) Kva fortel svaret i c) om storleiken på ?
Løysing
Sidan cosinusverdien er negativ, veit vi at vinkelen er større enn 90°.
e) Er dette den same trekanten som trekanten ABC2 frå løysinga i oppgåve b)?
Løysing
Dersom det skal vere den same trekanten, må det bety at i den første trekanten. Dersom vi går ut ifrå det og bruker sinussetninga på trekanten saman med svaret i a), får vi
Då får vi at , som betyr at trekanten er rettvinkla med AC2 som hypotenus. Vi sjekkar dette med pytagorassetninga:
Ein trekant med sider 3, 5 og 6 er ikkje rettvinkla. Føresetnaden om at AC2 er 6, er derfor feil. Dei to trekantane er altså ikkje like sidan vi har at i den andre trekanten.
Ole og Silje har eit apparat som måler siktevinkel, og dei skal bruke det til å finne høgda på eit tre. Begge står i avstand d frå treet.
Ole: "Eg måler at siktevinkelen til toppen av treet er 32 gradar."
Silje: "Eg får han til å bli 33 gradar."
Ole: "Eg lurer på kor mykje denne forskjellen har å seie når vi skal rekne ut høgda på treet."
a) Hjelp Silje og Ole med å seie noko om kor mykje denne forskjellen utgjer.
Løysing
Dersom vi kallar høgda av treet for h, avstanden frå målepunktet og bort til treet for d og siktevinkelen for v, har vi at
Her kjenner vi ikkje avstanden d, så vi kan ikkje rekne ut noka høgde. Men vi kan rekne ut kor mange prosent forskjellen i høgde vil vere med dei to vinklane i forhold til den høgda vi vil få frå til dømes Oles måling.
Oles måling gir .
Siljes måling gir .
I linje 1 og 2 definerer vi dei to uttrykka ved å bruke ":=". I linje 3 ser vi at forskjellen i høgde blir lik 0,025 gonger avstanden d frå målepunktet til treet. I linje 4 deler vi forskjellen på dei to utrekningane på Oles utrekning og får 0,039 som svar. Det betyr at dersom vi går ut frå at Oles vinkelmåling er riktig, blir Siljes utrekning 3,9 % feil. Tilsvarande får vi at når vi går ut frå at Siljes måling er rett, blir Oles utrekning 3,8 % feil.
b) Vis utan hjelpemiddel at resultatet i linje 4 i CAS-biletet i oppgåve a) er uavhengig av avstanden d.
Måling av avstanden over Mandalselva ved å måle siktevinkel
Hege vil berekne den kortaste avstanden over Mandalselva. Ho merker seg ut ein stein på den andre sida av elva der elva ser ut til å vere smalast. Ho merker så av to punkt, A og B, slik at og . Ho måler og finn at . Ho måler vidare avstanden frå punktet A og ut til elvebreidda til 8 m. Korleis kan Hege no berekne avstanden over elva?
Løysing
Avstanden AC frå punktet A over til steinen på den andre sida av elva blir motståande katet til vinkel B, mens avstanden AB blir hosliggande katet. Vi bruker definisjonen på tangens og reknar i GeoGebra.
Vi må hugse på å trekke frå avstanden frå A til elvebreidda. Breidda over elva blir då
Vi skal legge ein straumkabel SP langs gangvegen på stranda Sjøsanden. Figuren viser arbeidsområdet sett frå vasskanten V. Rekn ut lengda SP når du får gitt at det er 235 meter mellom S og V, vinkel S er 48,0° og vinkel P er 21,5°.
Løysing
Vi kan bruke sinussetninga dersom vi først finn vinkel V.
a) Teikn ein rettvinkla trekant ABC der , , og vinkel A er den rette vinkelen.
Løysing
For å kunne teikne ein rettvinkla trekant treng vi dei to katetane. I denne trekanten vil AC vere motståande katet til vinkel B. Når vinkel A er den rette vinkelen, vil AB vere hosliggande katet. Vi reknar ut kor lang AB må vere for at kravet skal vere oppfylt.
Trekanten ser omtrent slik ut:
b) Tegn en rettvinklet trekant ABC der , , og vinkel A er den rette vinkelen.
Løsning
Når vinkel A er den rette vinkelen, vil AC vere hosliggande katet til vinkel C. AB vil vere motståande katet. Vi reknar ut kva kateten AB må vere for at kravet skal vere oppfylt.
Trekanten ser omtrent slik ut:
c) Teikn ein rettvinkla trekant ABC der , , og vinkel C er den rette vinkelen.
Løysing
Når C er den rette vinkelen, vil AC vere hosliggande katet til vinkel A i denne trekanten. Då vil BC vere motståande katet. Vi reknar ut kor lang BC må vere for at kravet skal vere oppfylt.
Finn ukjende sider og vinklar i den rettvinkla trekanten ABC, der vinkel B er 90°, vinkel A er 26,6°, og sida BC er 274 m.
Løysing
Den ukjende sida AC, som vi skal finne, er hypotenusen i trekanten. Den gitte sida BC er motståande katet til den gitte vinkelen A. Då kan vi bruke sinus til vinkel A for å finne AC.
Den ukjende siden AB, som er hosliggande katet, kan vi finne på same måte med tangens til vinkel A (eller med pytagorassetninga når vi har funne AC).
Vi set opp likningar ut frå definisjonane på sinus og tangens og løyser i GeoGebra.
Den ukjende sida AB, som vi skal finne, er motståande katet til den gitte vinkelen C. Den gitte sida AC er hypotenusen i trekanten. Då kan vi bruke sinus til vinkel C for å finne AB.
Den ukjende sida BC, som er hosliggande katet, kan vi finne tilsvarande med cosinus til vinkel C (eller med pytagorassetninga når vi har funne AB).
Vi set opp likningar ut frå definisjonane på sinus og cosinus og løyser i GeoGebra.
Vi får at
b)
Løysing
Den ukjende sida AC, som vi skal finne, er hypotenusen i trekanten. Den gitte sida AB er motståande katet til den gitte vinkelen C. Då kan vi bruke sinus til vinkel C for å finne AC.
Den ukjende sida BC, som er hosliggande katet, kan vi finne tilsvarande med tangens til vinkel C (eller med pytagorassetninga når vi har funne AC).
Vi set opp likningar ut frå definisjonane på sinus og tangens og løyser i GeoGebra.
Vi får at
c)
Løysing
Den ukjende sida AC, som vi skal finne, er hypotenusen i trekanten. Den gitte sida BC er hosliggande katet til den gitte vinkelen C. Då kan vi bruke cosinus til vinkel C for å finne AC.
Den ukjende sida AB, som er motståande katet, kan vi finne tilsvarande med tangens til vinkel C (eller med pytagorassetninga når vi har funne AC).
Vi set opp likningar ut frå definisjonane på sinus og cosinus og løyser i GeoGebra.
a) I trekanten ABC under er og . Bestem lengda til AC og BC.
Løysing
Vi kan finne AC og BC ved å setje opp to likningar. Først bruker vi definisjonen på tangens til vinkel B.
Vi bruker så pytagorassetninga på trekanten.
Resten tek vi med CAS.
Vi får at og .
b) Finn dei to ukjende sidene i den rettvinkla trekanten ABC når , og vinkel B er den rette vinkelen. Løys oppgåva utan hjelpemiddel.
Løysing
Når vinkel B er den rette vinkelen, blir den gitte sida AC hypotenusen i trekanten. AB blir motståande katet, og BC blir hosliggande katet. Informasjonen om vinkel C gir oss at
No kan vi bruke pytagorassetninga til å finne AB:
c) Finn dei to ukjende sidene i den rettvinkla trekanten ABC når , og vinkel B er den rette vinkelen. Løys oppgåva utan hjelpemiddel.
Løysing
Når vinkel B er den rette vinkelen, blir den gitte sida BC hosliggande katet til vinkel C i trekanten. AB blir motståande katet, og AC blir hypotenusen. Informasjonen om vinkel C gir oss at
Maren og Naomi er på stranda og ser ein seglbåt langt ute på sjøen. Dei kjenner igjen seglbåten og veit at mastehøgda er 12 meter over havflata. Dei vil finne ut kor langt ute seglbåten er. Dei måler vinkelen mellom siktelinjene til mastetoppen til seglbåten og til vasslinja til båten til 1,5°. Dei bereknar så avstanden til båten. Kva er avstanden?
Løysing
Mastehøgda på båten blir motståande katet til siktevinkelen. Avstanden ut til båten blir hosliggande katet. Vi kallar denne avstanden for x. Vi bruker definisjonen på tangens til siktevinkelen, og vi kan då setje opp likninga nedanfor og løyser ho i GeoGebra.
a) Rekn ut kor store kvar av vinklane i parallellogrammet er.
Løysing
Vi bruker at vinklane i eit parallellogram er parvis like store, og at summen av vinklane i ein firkant er 360 gradar.
b) Rekn ut arealet til trapeset EBCD.
Løysing
Vi må rekne ut lengda EB. Det gjer vi ved å rekne ut lengda AE ved å bruke at trekanten AED er rettvinkla. Vi bruker definisjonen på tangens, og etterpå bruker vi formelen for arealet av eit trapes. Vi reknar alt i GeoGebra.
Vi får at arealet av trapeset er 9,0.
Ein alternativ løysingsmetode er å rekne ut arealet av trekanten ADE og trekke arealet frå arealet av parallellogrammet.
Anniken tek seg ein liten båttur ein varm sommardag. Ho går ut frå Dyrstad og legg kursen mot Færøy. Så bøyer ho av mot Ryvingen, deretter dreg ho rett heim. Sjå figuren.
Finn ut kor lang båttur Anniken hadde denne dagen.
Løysing
Vi reknar ut avstanden frå Dyrstad til Færøy (DF) med cosinussetninga.
Det betyr at båtturen til Anniken var cirka 2 800 m.
Vi skal grave ein kanal frå Båly, B, til Lehnesfjorden, L. Vi står på ei høgde, H, slik at vi kan sjå både B og L, og vi måler at vinkel H er 70°, BH er 737 m og HL er 652 m, som vist på figuren nedanfor.
Finn lengda av kanalen.
Løysing
Vi set opp ei likning med utgangspunkt i cosinussetninga med vinkel H og løyser i GeoGebra.
(Basert på oppgåve 6 del 2 eksamen 1T hausten 2012)
I trekanten DEF er vinkel D lik 30°, DE er 5,0. I tillegg får du gitt at .
a) Teikn ein passande hjelpefigur.
Løysing
b) Finn lengda av EF.
Løysing
Vi bruker cosinussetninga med utgangspunkt i vinkel D og får ei likning der den motståande sida EF er ukjend.
Vi får at .
c) Finn vinkel E.
Løysing
Sidan vi no kjenner alle sidene og skal finne ein vinkel, vel vi å bruke cosinussetninga til å finne vinkel E.
Vi får ei mogleg løysing med det andre svaralternativet når . Vi får at
d) Forklar kvifor sinussetninga ikkje er så eigna til å finne vinkel E.
Løysing
Vi prøver å finne vinkel E med sinussetninga.
Vi får to moglege løysingar ved å setje i begge svaralternativa. Her er det ikkje så lett å vite kva for eit av dei to som er rett – for begge kan ikkje vere det. Problemet er at sinussetninga ikkje bruker informasjonen om at , og då finst det to trekantar som passar til resten av opplysningane.
På tilbygget i forgrunnen ligg mønet, toppen av taket, 1 meter til høgre for mønet på resten av hytta. På grunn av dette blir mønet lågare på tilbygget. Den høgre sida av taket på tilbygget og resten av hytta fell saman. Tilbygget er 4 meter breidt, og takvinkelen er 22 gradar.
a) Kor mykje høgare er mønet på resten av hytta enn mønet på tilbygget?
Løysing
Figuren viser eit utsnitt av figuren over.
Vi får ein rettvinkla trekant der toppen er mønet på resten av hytta, hosliggande katet til takvinkelen er 1 m og motståande katet er høgdeforskjellen mellom møna, som vi kallar h. Då får vi at
Mønet på resten av hytta kjem 38 cm høgare enn mønet på tilbygget.
b) Kor stor blir avstanden AB på figuren?
Løysing
Den vasssrette avstanden frå enden av taket på tilbygget (C) til rett under mønet er halvparten av breidda på tilbygget, det vil seie 2 meter. Sidan mønet på tilbygget ligg 1 meter til høgre for mønet på resten av hytta, vil avstanden AC på teikninga vere
Figuren viser ein takstol med breidde 3 000 mm. Takvinkelen er 34 gradar. Finn høgda h av takstolen når vi går ut frå at høgda av undergurten, botnplanken i takstolen, er 148 mm.
Tips
Du må finne ein rettvinkla trekant der du kjenner takvinkelen og éi av sidene.
Løysing
Halve takstolen dannar ein rettvinkla trekant der høgda h minus høgda av undergurten er motståande katet til takvinkelen. Hosliggande katet er halve lengda. Dette gir
Vis at det finst to ulike trekantar som tilfredsstiller dei tre krava nedanfor.
Ei side i trekanten skal vere 5,0 cm.
Ei side i trekanten skal vere 8,0 cm.
Arealet av trekanten skal vere 17,5 cm.
Løysing
Dersom det skal vere to moglege trekantar som tilfredsstiller dei tre krava, må det bety at det må vere to sett av ulike vinklar for trekantane. Ved hjelp av arealsetninga kan vi finne den mellomliggande vinkelen v til dei to gitte sidene:
Vi løyser likninga med CAS i GeoGebra.
Vi får to løysingar, begge når i dei to løysingsmoglegheitene. Den mellomliggande vinkelen kan derfor vere anten 61,0° eller 119,0°.
(Basert på oppgåve 5 del 2 eksamen 1T hausten 2014)
I trekanten ABC er vinkel A lik 40°, sida BC er 6,0 cm og sida AC er 9,0 cm.
a) Finn sida AB i trekanten og bruk svaret til å forklare at det er to ulike trekantar som oppfyller krava.
Løysing
Vi finn den tredje sida i trekanten med cosinussetninga.
Vi får at
Det er derfor to moglege trekantar som passar til dei gitte måla.
b) Vi tenker oss at vi justerer på vinkel A, men beheld lengdene av AC og av BC. Kva må vinkel A vere for at forskjellen på dei to moglege lengdene av AB er 4 cm?
Løysing
Nedanfor er det teikna ei skisse av dei to moglege trekantane og .
At forskjellen mellom og er 4 cm, betyr at òg er 4 cm. Trekanten er likebeint. Då kan vi finne lengda av normalen frå C og ned på med pytagorassetninga og til slutt bruke at sinus til vinkel A er lik forholdet mellom lengda av normalen og AC.
Vinkel A må vere 38,9 gradar for at forskjellen mellom dei to moglege lengdene av AB skal vere 4 cm.
I linje 2 brukte vi kommandoen "asind". Ein måte å skrive "motsett" sinus på er , slik det er gjort i linje 2. GeoGebra endra automatisk visninga av kommandoen til dette.