Økonomileiar Silje - Matematikk 1T-Y - IM - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Økonomileiar Silje

Silje har ansvar for prisfastsetjinga i Mat og vinhuset AS. Her skal du hjelpe ho med å kalkulere eit parti med eksklusiv vin.

Forteneste, avanse og påslagstal

Mat og vinhuset AS får 200 flasker vin til ein innkjøpspris på 230 kroner per par. Fraktkostnadene er 1 200 kroner.

Silje har funne ut at dei indirekte kostnadene er 65 prosent. Dette har ho berekna tidlegare. I tillegg vil ho ha ei forteneste på 45 prosent, og meirverdiavgifta er 15 prosent.

Set gjerne opp eit rekneark for å løyse oppgåvene.

  1. Berekn pris med meirverdiavgift per flaske vin.
  2. Kva er avansen i kroner og prosent?
  3. Kva påslagstal kunne ha vore brukt i denne oppgåva?
  4. Kva faktorar må ho vurdere for å bestemme «rett pris»?
Fasit oppgåve a

Salsprisen med meirverdiavgift for ei flaske vin er 332,92 kroner.

Fasit oppgåve b

Avansen er 168,49 kroner. Dette utgjer 139,3 prosent.

Fasit oppgåve c

Påslagstalet er 2,75.

Skrive av Steinar Madsen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2024