Lyngdal Mote AS - Matematikk 1T-Y - IM - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lyngdal Mote AS

I denne oppgåva skal du rekne ut ulike økonomiske storleikar i kalkylane til klesforretninga Lyngdal Mote.

I september selde Lyngdal Mote AS varer for 452 000 kroner. Varekostnaden var 275 000 kroner. Dei indirekte kostnadene utgjorde 65 000 kroner. Alle beløp er utan meirverdiavgift.

Oppgåve

  1. Rekn ut bruttofortenesta i kroner og i prosent.
  2. Rekn ut dei indirekte kostnadene i prosent.
  3. Rekn ut sjølvkost.
  4. Rekn ut fortenesta i kroner og i prosent.
Fasit oppgåve a

Bruttofortenesta er 177 000 kroner, eller 39,2 prosent.

Fasit oppgåve b

Dei indirekte kostnadene utgjer 23,6 prosent.

Fasit oppgåve c

Sjølvkost er 340 000 kroner.

Fasit oppgåve d

Fortenesta er 112 000 kroner, eller 32,9 prosent.

Her kan du sjå utrekningane i eit rekneark:

Filer

Skrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2020