Lønnsutvikling for kvinner og menn - Matematikk 1T-Y - IM - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lønnsutvikling for kvinner og menn

Har kvinner og menn i Noreg lik lønn for likt arbeid?

Gå inn på Statistisk sentralbyrå, SSB, vel "STATISTIKK", "Arbeid og lønn", "Lønn og arbeidskraftkostnader" og deretter "Lønn".

Per 20. april 2020 var følgjande tabell hovudoppslaget på denne sida.

  • Kva var den gjennomsnittlege endringa i månadslønn frå 2018 til 2019?
  • Var lønnsutviklinga lik for menn og kvinner? Ser du noko mønster i utviklinga?

    Under "Se utvalgte tabeller fra denne statistikken", vel tabell 4: "Gjennomsnittlig månedslønn i utvalgte yrker, fordelt på kjønn". Du kjem då til SSB-statistikk "11418: Yrkesfordelt månedslønn, etter yrke, statistikkvariabel, statistikkmål, år og kjønn". I denne tabellen kan du sjølv velje ut yrke og velje tidsperiode for fleire år.
  • Finn fram til yrke der menn og kvinner har tilnærma lik lønn.
  • Finn fram til yrke der menn og kvinner har svært ulik lønn.
  • Finn fram til yrke der forskjellen mellom lønna til menn og kvinner har endra seg dei siste åra.
  • Vel eit yrke der forskjellen mellom lønna til menn og kvinner har endra seg mykje dei siste åra. Bruk regresjon i GeoGebra, og finn modellar for lønnsutviklinga både for kvinner og menn i dette yrket. Når vil det bli likelønn for kvinner og menn etter desse modellane?


Skrive av Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2020