Hjelp Farek med påslagskalkylen - Matematikk 1T-Y - IM - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Hjelp Farek med påslagskalkylen

Farek har fått inn eit parti varer. Kan du hjelpe han å kalkulere dei?

Oppgåve

I sendinga er det fire ulike matvarer. Nokre av dei er typiske volumseljarar, altså varer det blir selt mange av. Farek plar rekne ut salsprisen med meirverdiavgift ved å bruke påslagstalet 1,35.

I denne oppgåva ser vi bort frå frakt og andre direkte kostnader. Fakturaen viser desse innkjøpsprisane:

  • Norvegiaost kr 48,–
  • Appelsinjus kr 11,50
  • Lettmjølk kr 6,50
  • Smør kr 9,–
  1. Kva er satsen for meirverdiavgift for desse produkta?
  2. Kva blir inntakskost for desse varene?
  3. Kva blir salsprisen med meirverdiavgift for kvart produkt?
Fasit oppgåve a

Satsen for meirverdiavgift på næringsmiddel var 15 prosent i starten av året 2020. Sjå Skatteetaten si side med satsar for meirverdiavgift.

Løysing oppgåve b

Sidan vi i denne oppgåva ser bort frå dei andre direkte kostnadene, blir inntakskost lik innkjøpspris.

Fasit oppgåve c
salspriser

Produkt

Salspris med mva., kr

Norvegiaost

64,80

Appelsinjus

15,53

Lettmjølk

8,78

Smør

12,15

Skrive av Steinar Madsen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2020