Budsjett og rekneskap for ein lærling

Budsjett
Eit budsjett er ein plan for korleis du vil bruke pengane dine i framtida. For å få oversikt over kor mykje du kan bruke i løpet av ein månad, kan det vere lurt å setje opp eit budsjett.
Døme
Thea er 19 år og har byrja som lærling hos ein røyrleggar. Ho har utbetalt ei lønn på 21 400 kroner per månad. Ho har flytta på hybel. Denne leiger ho for 6 500 kroner, inkludert straum, per månad.
Thea set opp eit budsjett som viser korleis ho planlegg å bruke inntektene den første månaden. Ho bruker eit rekneark til dette, og nedanfor ser du deler av dette reknearket.
Postar | Beløp |
|---|---|
Inntekter | |
Lønn | 21 400 kr |
Sum inntekter | 21 400 kr |
Kostnader | |
Leige av hybel, inkludert straum | 6 500 kr |
Mat og drikke | 4 000 kr |
Andre daglegvarer | 500 kr |
| Personleg pleie (frisør m.m.) | 900 kr |
| Klede og sko | 2 000 kr |
| Internett og diverse abonnement | 1 000 kr |
| Månadskort, kollektivtransport | 500 kr |
| Diverse fornøyelser | 3 000 kr |
| Sum kostnader | 18 400 kr |
| Overskot/sparing (inntekter - kostnader) | 3 000 kr |
Rekneskap
Ein rekneskap er ei oversikt over korleis du faktisk har brukt pengane. Ein personleg rekneskap kan vere ei fin bevisstgjering av kva du bruker pengar på.
Døme
Når månaden er slutt, går Thea inn i nettbanken og ser gjennom alt som har gått inn og ut av kontoen hennar den siste månaden. Thea summerer kostnadene i dei ulike kategoriene som ho brukte i budsjettet.
Nedanfor ser du rekneskapen hennar.
Postar | Beløp |
|---|---|
Inntekter | |
Lønn | 21 400 kr |
Sum | 21 400 kr |
Kostnader | |
Leige av hybel, inkludert straum | 6 500 kr |
Mat og drikke | 4 350 kr |
Andre daglegvarer | 450 kr |
| Personleg pleie (frisør m.m.) | 1 050 kr |
| Klede og sko | 2 480 kr |
| Internett og diverse abonnement | 1 000 kr |
| Månadskort, kollektivtransport | 500 kr |
| Diverse fornøyelser | 4 370 kr |
| Sum kostnader | 20 700 kr |
| Overskot/sparing (inntekter - kostnader) | 700 kr |
Samanlikne budsjett og rekneskap
Når perioden vi har laga budsjett og rekneskap for, er over, kan vi samanlikne dei faktiske kostnadene med det vi budsjetterte med.
Døme
Nedanfor kan du sjå ei samanlikning av kva Thea forventa av inntekter og kostnader i budsjettet, og kva ho faktisk tente og brukte i rekneskapen. Kor stor forskjellen var for dei ulike kategoriane, ser vi i avvikskolonnen.

Thea har budsjettert med eit overskot / ei sparing på 3 000 kroner. Rekneskapen viser eit overskot / ei sparing på 700 kroner. Det er 2 300 kroner mindre enn budsjettert.
Vi ser at Thea gjekk mest i minus på "Diverse fornøyelser", mens for "Andre daglegvarer" brukte ho mindre enn budsjettert.
Rekneskapen for éin månad gir grunnlag for betre budsjettering for neste månad. Thea må anten bruke mindre pengar, eller så må ho budsjettere med eit lågare overskot, altså spare mindre per månad. Sjå Theas budsjett, rekneskap og budsjettkontroll sette inn i rekneark i fila nedanfor.
Prøv sjølv
Korleis ser ditt budsjett ut for ein månad?
Prøv SIFOs kalkulator. Den hjelper deg med å berekne vanlege kostnader for ein månad.