Budsjett og rekneskap

Oppgåve
Med opplysningane for kvar av casane nedanfor skal du løyse desse oppgåvene i eit rekneark:
Lag eit budsjett.
Før rekneskap.
Samanlikn budsjett og rekneskap (utfør ein budsjettkontroll), og kommenter avvika.
Case 1: Lærlingen Elias
Elias skal gå i lære innan elektro og gler seg til å byrje å tene pengar. Han vil flytte for seg sjølv og er spent på kor langt lønna rekk.
Forventa inntekter og kostnader
Utbetalt lønn: 21 000 kroner
Leige av hybel, inkludert straum: 7 000 kroner
Mat og drikke: 5 000 kroner
Andre daglegvarer: 300 kroner
Personleg pleie (frisør m.m.): 500 kroner
Klede og sko: 1 500
Internett og diverse abonnement: 1 200 kroner
Månadskort, kollektivtransport: 500 kroner
Diverse fornøyelser: 3 000 kroner
Sparing: ?
Faktiske inntekter og kostnader
Utbetalt lønn: 21 000 kroner
Leige av hybel, inkludert straum: 7 000 kroner
Mat og drikke: 5 500 kroner
Andre daglegvarer: 200 kroner
Personleg pleie (frisør m.m.): 400 kroner
Klede og sko: 2 500
Internett og diverse abonnement: 1 200 kroner
Månadskort, kollektivtransport: 500 kroner
Diverse fornøyelser: 3 500 kroner
Sparing: ?
Case 2: Ungdomsbedrifta Kortreist
Fem elevar skal starte opp ei ungdomsbedrift der dei skal produsere og selje syltetøy og saft. Mormora til den eine eleven har ein stor frukthage der dei får plukke så mykje bær og frukt dei ønsker, gratis.
Forventa inntekter og kostnader
Sal av 50 glas eplesyltetøy til 40 kroner per stykk
Sal av 25 glas plommesyltetøy til 45 kroner per stykk
Sal av 30 glas blåbærsyltetøy til 35 kroner per stykk
Sal av 20 flasker rabarbrasaft til 50 kroner per stykk
Kjøp av glas og flasker: 1 200 kroner
Kjøp av etikettar: 300 kroner
Faktiske inntekter og kostnader
Selde 40 glas eplesyltetøy til 40 kroner per stykk
Selde 30 glas plommesyltetøy til 45 kroner per stykk
Selde 20 glas blåbærsyltetøy til 35 kroner per stykk
Selde 15 flasker rabarbrasaft til 50 kroner per stykk
Kjøpte glas og flasker: 1 200 kroner
Kjøpte etikettar: 300 kroner
Case 3: Ungdomsbedrifta Blomsterkassar
Fire elevar på som går på tømrar, skal starte ungdomsbedrift der dei skal selje eigenproduserte blomsterkassar på hjul i ulike storleikar.
Forventa inntekter og kostnader
Sal av 35 små blomsterkassar til 500 kroner per stykk
Sal av 30 middels store blomsterkassar til 750 kroner per stykk
Sal av 25 store blomsterkassar til 1 000 kroner per stykk
Kjøp av plank: 10 000 kroner
Kjøp av hjul: 5 000 kroner
Kjøp av plast: 1 500 kroner
Kjøp av skruar: 1 000 kroner
10 000 kroner kvar som lønn for arbeidsinnsatsen
Faktiske inntekter og kostnader
Selde 30 små blomsterkassar til 500 kroner per stykk
Selde 28 middels store blomsterkassar til 750 kroner per stykk
Selde 20 store blomsterkassar til 1 000 kroner per stykk
Kjøpte plank: 11 200 kroner
Kjøpte hjul: 7 000 kroner
Kjøpte plast: 2 000 kroner
Kjøpte skruar: 750 kroner
Til saman 40 000 kroner i lønn til elevane
Case 4: Familien Olsen
Malin og Liam Olsen er høvesvis 30 og 31 år gamle. Dei er gifte og har to barn, ei jente på 5 år og ein gut på 3 år. Begge barna går i barnehagen. Malin og Liam har éin elbil. Dei bur i ei leilegheit. Familien Olsens samla bruttoinntekt i året er på 1 000 000 kroner.
Tal til månadsbudsjettet
Malin er lærar og får utbetalt 35 000 kroner per månad.
Liam har ei 50 prosent konsulentstilling i kommunen og får utbetalt 25 000 kroner per månad.
Barnetrygda er 1 968 kroner per barn.
Kvar månad betaler dei 20 000 kroner i husleige.
I forsikringar betaler dei 1 250 kroner per månad.
Straumutgiftene er på 1 500 kroner per månad.
Kostnadene elles bereknar dei ved å bruke SIFOs referansjebudsjett og kalkulator på sidene til OsloMet.
Rekneskapstal
Malins nettolønn: 35 000 kroner
Liams nettolønn: 25 000 kroner
Barnetrygd: 3 936 kroner
Husleige: 20 000 kroner
Forsikring: 1 250 kroner
Straumkostnader: 1 500 kroner
Mat og drikke: 15 050 kroner
Klede og sko: 4 430 kroner
Personleg pleie: 1 980 kroner
Leik og mediebruk (individspesifikke): 3 700 kroner
Reise (kollektivt): 1 970 kroner
Andre daglegvarer: 750 kroner
Hushaldningsartiklar: 760 kroner
Møbel: 5 000 kroner
Mediebruk og fritid (hushaldningsspesifikke): 4 500 kroner
Bilkostnader (drift og vedlikehald): 2 105 kroner
Barnehage: 2 040 kroner
Case 5: Studenten Sofie
Sofie (20) skal studere og har nettopp flytta på hybel. Ho set opp eit budsjett som viser inntekter og kostnader for september.
Forventa inntekter og kostnader
Kveldsjobb to dagar i veka: utbetalt 10 000 kroner
Lån og stipend: 15 169 kroner
Leige av hybel, inkludert straum: 8 000 kroner
For å budsjettere kostnadene elles bruker ho tal frå SIFOs referansebudsjett.
Faktiske inntekter og kostnader
Kveldsjobb to dagar i veka: utbetalt 10 000 kroner
Lån og stipend: 15 169 kroner
Leige av hybel inkludert straum: 8 000 kroner
Mat og drikke: 4 570 kroner
Klede og sko: 980 kroner
Personleg pleie: 1 300 kroner
Mediebruk: 1 060 kroner
Reise (kollektivt): 591 kroner
Andre daglegvarer: 350 kroner
Hushaldningsartiklar: 51 kroner
Møbel: 0 kroner
Fritid: 2 550 kroner
Case 6: Din økonomi
Vekesbudsjett
Tenk deg godt om og set opp eit budsjett som viser dine inntekter og kostnader neste veke. Hugs å fordele månadlege inntekter og kostnader ut på kvar enkelt veke.
Vekesrekneskap
Skriv ned tal for alt du faktisk bruker neste veke. Legg til ein fjerdedel av dei faste månadlege inntektene og kostnadene.
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.
- Budsjett og rekneskap(DOCX)