Funksjonsomgrepet. Definisjonsmengde og verdimengde
Oppgåve 1
a) Teikn og beskriv omgrepa: koordinatsystem, x-akse, y-akse, koordinatar og punkt.
b) Teikn eit koordinatsystem. Set namn på aksane. Teikn punkta (2,3) og (4,4). Trekk ei linje mellom punkta.
c) Samarbeidsoppgåve: Den eine eleven lagar eit koordinatsystem, og den andre eleven bestemmer kva for punkt den første eleven skal teikne i koordinatsystemet sitt. Klarer de å lage figurar av punkta?
Oppgåve 2
De treng ein taxi. Det kostar 60 kroner for å bestille ein taxi heim til dykk og så 14 kroner per kilometer. Den faste kostnaden er 60 kroner, og den variable kostnaden er 14 kroner. Sidan vi ikkje veit kor mange kilometer taxien skal køyre, bruker vi bokstaven x for talet på kilometer. Prisen for taxituren kallar vi P. Kor stor blir P? Prisen er avhengig av kor mange kilometer vi køyrer, og vi skriv .
a) Forklar med dine eigne ord kva funksjonsuttrykket, , viser.
b) Lag ein verditabell for x-verdiane 10, 20, 30, 40 og 50.
c) Forklar kva verditabellen fortel deg.
Oppgåve 3
Figuren ovanfor viser radiusen og arealet til tre sirklar.
a) Kva storleik er det som bestemmer arealet til ein sirkel?
b) Kan vi seie at arealformelen for ein sirkel er ein funksjon? Forklar i så fall kvifor.
Oppgåve 4

Tenk deg at du er på butikken og handlar smågodt.
a) Skriv ned eit funksjonsuttrykk som viser samanhengen mellom pris P og talet på hekto smågodt du kjøper. La prisen på smågodt vere 9,90 kroner per hekto og x kor mange hekto du kjøper.
b) Lag eit nytt funksjonsuttrykk, , som viser kor mykje du betaler når du kjøper smågodt. No er prisen sett ned til 7,90 kroner per hekto, men du må betale 5,00 kroner for begeret som du fyller smågodtet i.
Oppgåve 5
Du hugsar sikkert at formelen for arealet av eit kvadrat er
a) Lag ein tabell i eit rekneark der du finn arealet til kvadrat med sidelengder 2, 4, 6, 8, 10, 12, 14 og 16. Bruk kopiering og formel når du lagar tabellen.
Nedanfor kan du sjå utrekningane i eit ekte rekneark.
- Arealet av kvadrat(XLSX)
b) Kan du eit namn på tala som viser dei ulike areala?
Oppgåve 6
Du og familien din er på ferie og vil leige ein bil. De tek ein tur for å undersøke pris og får dette tilbodet: fastpris 650 kroner og 6,20 kroner per kilometer.
a) Bruk desse opplysningane til å skrive eit funksjonsuttrykk, , som kan brukast for å rekne ut kostnadene ved å leige ein bil.
b) Vel fem forskjellige turlengder, til dømes 50 km, 100 km og så vidare. Rekn ut kostnadene for kvar av dei, og set opp tala i ein verditabell.
c) Bruk resultata frå b) til å teikne ein graf til K.
d) Bruk grafen, og finn ut kor mykje det kostar å køyre 18 mil.
Oppgåve 7
I 2008 hadde Camilla eit mobilabonnement. Ho betalte 99 kroner i fast pris per månad og 0,49 kroner per ringeminutt, t. Kostnadene, k, ved å bruke mobiltelefonen ein månad kan vi skrive som
der t varierer frå og med 50 til og med 200.
a) Lag ein verditabell for k.
b) Teikn grafen til k.
c) Finn grafisk kor mange minutt Camilla har ringt når kostnadene er 160 kroner.
Oppgåve 8
Nedanfor har vi teikna grafane til fire funksjonar, f, g, h, og i. Bestem definisjonsmengda og verdimengda til kvar av funksjonane. Ein spissparentes 〉 i eit punkt på grafen betyr at punktet ikkje er ein del av grafen, mens ein hakeparentes ] betyr at punktet er ein del av grafen, det tilsvarer korleis desse symbola blir brukte for intervall.
a)
b)
c)
d)
Oppgåve 9
Bestem definisjonsmengde og verdimengde for funksjonane under.
a) Funksjonen f viser temperaturen gjennom eit sommardøgn på Sørlandet.
b) Funksjonen g viser middeltemperaturen kvart døgn gjennom eit år på Sørpolen.
c) Funksjonen h viser vasstanden i Bergen frå ei flomåling til neste flomåling.
Opplysningar om tidevatn og vasstand for norskekysten på Kartverket:
Vasstand og talet på timar mellom kvar flomåling varierer litt frå døgn til døgn. Vi har teke utgangspunkt i data frå Bergen 04.01.2010 og laga ei tilnærma rett kurve.
d) Funksjonen i viser saldoen på kontoen din under ein fem timar lang handletur.
Oppgåve 10
Bestem definisjonsmengde og verdimengde for funksjonane under.
a) Funksjonen B viser omtrentleg folketalet i verda frå og med år 1900 til år 2000.
b) Funksjonen S viser talet på sauar (og lam) gjennom eit år i ein buskap på 100 vinterfôra sauar.
c) Funksjonen R viser verdien på ein bil frå han vart kjøpt ny for 420 000 kroner og fem år framover.
d) Funksjonen E viser talet på elevar på skulebussen frå han startar, til han er framme på skulen ein time seinare.
Oppgåve 11
Foreslå ei rimeleg definisjonsmengde og verdimengde for funksjonane.
a) Funksjonen L viser talet på lærarar på ein vidaregåande skule i Noreg som funksjon av talet på elevar på skulen.
b) Funksjonen E viser talet på elevar på ein vidaregåande skule i Noreg som funksjon av talet på lærarar på skulen.
c) Funksjonen V viser kor mykje ein berepose med appelsinar veg som funksjon av talet på appelsinar i posen.
d) Funksjonen M viser mjølkeforbruket per veke i ein husstand som funksjon av talet på personar i husstanden.
Oppgåve 12
Kva for ein eller kva for nokre av grafane nedanfor representerer ein funksjon? Grunngi svaret.
a)
b)
c)
d)
Oppgåve 13

Du skal strikke eit firkanta sjal. I oppskrifta står det at dersom du lagar 22 masker i breidda, svarer til det 10 cm. Strikkar du 25 masker i høgda, blir det òg 10 cm.
a) Kor mange masker i breidda blir det per cm?
b) Dersom sjalet skal vere 45 cm breitt, kor mange masker må vi leggje opp i breidda då?
c) Forklar at du kan beskrive talet på masker i breidda ved hjelp av uttrykket 2,2x, der x er talet på cm i breidda.
d) Finn ein tilsvarande formel eller funksjon for talet på masker det blir i høgda når høgda er y cm.
e) Kvifor bruker vi ikkje den same bokstaven for talet på cm i breidda (x) og talet på cm i høgda (y)?
f) Ei venninne bestiller eit sjal av deg. Det skal vere 70 cm breitt og 40 cm høgt. Kor mange masker blir det i breidda og i høgda?
g) Kor mange masker blir det totalt på dette sjalet?
h) Prøv å anslå kor lang tid det tek å strikke dette sjalet.
i) Undersøk kor raskt ei strikkemaskin kan strikke dette sjalet. Rekn òg ut kor mange slike sjal strikkemaskina kan lage på den tida det tek å strikke eit sjal manuelt.
j) Kor breitt blir eit sjal dersom du legg opp 132 masker i breidda?
k) Lag ein formel eller funksjon for breidda i cm når talet på masker er b.
l) Studer dei to svaralternativa i den førre oppgåva. Er dei like?
m) Finn tilsvarande formel eller funksjon for høgda når det er h masker i høgda.
n) Du oppdagar at du har kjøpt feil garn. På garnet er det gitt ei heilt anna strikkefastheit, det står at 12 masker i breidda skal gi 10 cm. Forholdet mellom masker i breidda og masker i høgda er det same som i det opphavlege garnet. Kan du lage tilsvarande formlar for dette garnet, sånn at du kan bruke det i staden?
o) Kva er forskjellen mellom ein funksjon og ein formel? Diskuter.
Oppgåve 14
Tove og Christian liker å vere fysisk aktive, og i tillegg liker dei å lage matematiske samanlikningar. (Ein kan vel kanskje kalle dei litt nerdete?) Då Noreg vart stengt ned på grunn av koronakrisa, var dei mykje på tur både saman og kvar for seg. Dei sykla, sprang og gjekk tur både i fjellet og på flatmark.
I denne oppgåva går vi ut frå at dei syklar, spring og går tur med jamn fart sjølv om dei heilt sikkert ikkje gjorde det.

a) Ein av turane dei sykla, var ei kupert rute på 28,6 km. Tove brukte 1 time og 34 minutt. Lag eit uttrykk som beskriv kor langt Tove har kome etter t minutt.
b) Christian brukte 1 time og 2 minutt på den same sykkelturen. Lag eit uttrykk som beskriv kor lang tid Christian har brukt på x km.
c) Lag ein formel for kor langt Tove har kome som funksjon av kor langt Christian har kome.
d) Kva fortel formelen i oppgåva over oss?
e) Kor langt har Tove sykla når Christian har sykla 5 km?

f) Ein av fjellturane dei liker godt, er 6,9 km lang. Dei hadde kvar sin tur, og Christian (som skrytte av at han tok det roleg) brukte 1 time og 9 minutt. Tove, derimot, hang i stroppen og sleit seg inn til 1 time og 40 minutt.
Lag eit uttrykk som viser kor langt Tove har gått som ein funksjon av kor langt Christian har gått.
g) Er Christian like rask i forhold til Tove på fottur som på sykkel?
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.