Vi ønsker å lage eit program som reknar ut for funksjonen
For å øve på bruk av eigendefinerte funksjonar i Python, skal vi lage ein eigendefinert funksjon med namnet f som kan rekne ut funksjonsverdiar for oss.
a) Algoritme
Skriv algoritmen til eit slikt program og til funksjonen f. Hugs å få med tekstar som forklarer brukaren av programmet kva programmet gjer.
Løysingsforslag
Algoritmen til programmet:
Set variabelen x lik 0.
Skriv til skjermen: "f(<x>) = <f(x)>"
Vinkelparentesar betyr "verdien av ...".
Algoritmen til den eigendefinerte funksjonen f(x):
Rekn ut følgande: Multipliser x med 2, og legg til 1.
Returnerer svaret.
b) Koding
Skriv koden til programmet etter algoritmane ovanfor.
Vi ønsker å lage eit program som med funksjonen reknar ut 3 funksjonsverdiar som brukaren skriv inn.
a) Algoritme
Skriv algoritmen til eit slikt program. Hugs å få med tekstar som forklarer brukaren av programmet kva programmet gjer.
Løysingsforslag
Skriv til skjermen: "Dette programmet reknar ut funksjonsverdiar for 3 valfrie x-verdiar."
Gjer tre gonger:
Skriv til skjermen: "Skriv inn ein x-verdi."
Ta imot x-verdien frå brukaren, og sett talet lik variabelen x.
Skriv til skjermen: "f(<x>) = <f(x)>"
I tillegg treng vi algoritmen til den eigendefinerte funksjonen f frå førre oppgåve.
b) Koding
Skriv koden som passar til algoritmen over.
LøysingsforslagPython
1deff(x):2return2*x +134print("Dette programmet reknar ut funksjonsverdiar for 3 valfrie x-verdiar.")5for i inrange(3):6 x =float(input(f"Skriv inn {i +1}. x-verdi:"))7print(f"f({x}) = {f(x)}")
Nokre elevar i ein klasse har laga eit program som skal rekne ut funksjonsverdiar for funksjonen
Ingen av dei får programmet til å køyre. Kan du finne ut kva som er feilen i programma? Skriv ned kva linje som har feil, og kva som er feilen. Til slutt: Skriv eit program som verkar.
Tips til oppgåva
Om du ikkje finn feilen, kan du sjekke dei andre programma og sjå kva som er annleis der.
Vi ønsker å lage eit program som lagar ein verditabell med funksjonen der brukaren skriv inn kva som er største og minste x-verdi i tabellen.
a) Algoritme
Skriv algoritmen til eit slikt program. Hugs å få med tekstar som forklarer brukaren av programmet kva programmet gjer.
Løysingsforslag
Skriv til skjermen: "Skriv inn den nedste verdien i verditabellen:"
Set variabelen x_l lik verdien frå brukaren.
Skriv til skjermen: "Skriv inn den øvste verdien i verditabellen:"
Set variabelen x_h lik verdien frå brukaren.
Set variabelen x lik x_l.
Skriv til skjermen: "x (tabulator) f(x)"
Gjenta så lenge x er mindre enn eller lik x_h:
Skriv til skjermen: "<x> (tabulator) <f(x)>"
La x auke med 1.
I tillegg treng vi algoritmen til funksjonen f frå oppgåve 1.
b) Koding
Skriv koden til programmet.
Tips til oppgåva
Du kan bruke \t for å lage litt finare utskrifter. Denne koden flyttar utskriftpunktet til neste tabulator.
LøysingsforslagPython
1deff(x):2return2*x +134x_l =float(input("Skriv inn den nedste verdien i verditabellen:"))5x_h =float(input("Skriv inn den øvste verdien i verditabellen:"))6x = x_l
7print("x\tf(x)")8while x <= x_h:9print(f"{x}\t{f(x)}")10 x = x +1
Det finst måtar å lage endå finare utskrift på. Søk på nettet etter "f-string align with decimal point", til dømes.