Programmering med brukardata frå tastaturet
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Før du gjer desse oppgåvene, bør du ha gått gjennom fagartikkelen "Program som tek imot brukardata: input()".
Oppgåve 1 (oppvarming)
a) Koding
Kva for to ting kan funksjonen input() gjere for oss?
b) Koding
Vi ønskjer at brukaren av programmet skal skrive inn ein hårfarge, til dømes "mørkebrun". Kva skriv vi i programkoden for å få til dette slik at vi kan bruke denne hårfargen ein annan stad i programmet seinare?
c) Koding
Kva er feil i kommandoen nedanfor?
tekst = input(Skriv inn favorittordet ditt:)
d) Koding
Kvifor gir programmet nedanfor feilmelding? Endre på det slik at det fungerer.
1tal = input("Skriv inn eit tal du ønskjer å doble:") 2dobbel = tal * 2 3print(f"Det dobbelte av {tal} er {dobbel}.")
Oppgåve 2
Vi ønskjer å lage eit program som kan rekne ut arealet av ein trekant der brukaren av programmet kan skrive inn grunnlinja og høgda i trekanten.
a) Algoritme
Skriv algoritmen til eit slikt program. Hugs å få med gode forklarande tekstar.
b) Koding
Lag programmet etter algoritmen i a), og test at det fungerer.
Oppgåve 3
Vi ønskjer å lage eit program som kan rekne ut arealet av eit trapes der brukaren av programmet kan skrive inn lengda av dei to parallelle sidene og høgda i trapeset.
a) Algoritme
Skriv ned algoritmen til eit slikt program.
b) Koding
Lag programmet etter algoritmen i a), og test at det fungerer.
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som ei fil i formatet til Jupyter Notebook.