Oppgåve
Straumrekninga
Det er ikkje berre straumen du betaler for via straumrekninga. Finn ut kva postar ei straumrekning er sett saman av.
Ei straumrekning består av mange postar. Denne tabellen viser ei spesifisert straumrekning frå Norgesenergi.
a) Finn ut kva som er meint med påslag på straumrekninga.
b) Finn ut kva enovaavgifta på straumrekninga er.
c) Finn ut kva forbruksavgifta på straumrekninga er.
d) Kvifor er straumrekninga delt opp i straum-del og ein nettleige-del?
e) Kor stor del av beløpet som må betalast, er statlege avgifter?
f) Gå inn på Forbrukerrådets nettside "Strøm". Sjekk korleis du finn den billigaste straumavtalen.
g) Kva er noregspris på straum? Les meir på "Alt om Norgespris på strøm" på strøm.no.