Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Lønnsutvikling for kvinner og menn

Har kvinner og menn i Noreg lik lønn for likt arbeid?

Gå inn på Statistisk sentralbyrå, SSB, vel "Arbeid, lønn og utdanning", "Arbeid og lønn", "Lønn og arbeidskraftkostnader" og deretter "Lønn".

  • Kva var den gjennomsnittlege endringa i månadslønn frå 2018 til 2019?
  • Var lønnsutviklinga lik for menn og kvinner? Ser du noko mønster i utviklinga?

Per 20. april 2020 var følgjande tabell hovudoppslaget på denne sida.

  • Auka den gjennomsnittlege månadslønna meir frå 2018 til 2019 enn mellom dei to siste åra?

Vel tabellen "Gjennomsnittlig månedslønn i utvalgte yrker, fordelt på kjønn" lenger ned på sida. Du kjem då til SSB-statistikk "11418: Yrkesfordelt månedslønn, etter statistikkmål, yrke, sektor, kjønn, avtalt/vanlig arbeidstid per uke, statistikkvariabel og år". I denne tabellen kan du sjølv velje ut yrke og velje tidsperiode for fleire år.

  • Finn fram til yrke der menn og kvinner har tilnærma lik lønn.
  • Finn fram til yrke der menn og kvinner har svært ulik lønn.
  • Finn fram til yrke der forskjellen mellom lønna til menn og kvinner har endra seg dei siste åra.
  • Vel eit yrke der forskjellen mellom lønna til menn og kvinner har endra seg mykje dei siste åra. Bruk regresjon i GeoGebra, og finn modellar for lønnsutviklinga både for kvinner og menn i dette yrket. Når vil det bli likelønn for kvinner og menn etter desse modellane?


Skrive av Olav Kristensen.
Sist oppdatert 27.02.2026