Proporsjonalitet
Proporsjonalitet handlar om storleikar som heng saman på ein spesiell måte. Vi skal studere dette gjennom døme der du skal svare på spørsmål og finne ut mest mogleg på eiga hand. Ikkje sjå på løysingane før du har prøvd sjølv.
Døme: kilopris på eple

Epla på biletet kostar 30 kroner per kg. Vi skriv gjerne at kiloprisen er 30 kr/kg.
Kor mykje må du betale for 2 kg eple?
Fyll ut tabellen nedanfor.
| Mengde eple (kg) | 1 | 2 | 4 | 6 |
|---|---|---|---|---|
| Prisen for epla (kr) |
Lag ei ny rad i tabellen. Rekn ut prisen per kg eple for dei ulike mengdene eple i tabellen. Då seier vi at vi reknar ut forholdet mellom prisen for epla og talet på kg eple.
Det var sikkert ikkje ei overrasking at svaret vart 30 kr/kg overalt i den tredje rada. Når vi undersøker forholdet mellom to storleikar slik vi har gjort over og finn at dette forholdet er konstant, seier vi at storleikane er proporsjonale.
Kva storleikar er proporsjonale her?
Det konstante forholdet kallar vi proporsjonalitetskonstanten. Kva er proporsjonalitetskonstanten i dette dømet?
Grafisk framstilling av proporsjonale storleikar
Vi kan lage oss eit koordinatsystem som på biletet. Der har vi valt å ha talet på kg eple på førsteaksen (-aksen) og prisen på epla på andreaksen (-aksen). Då kan vi sjå på tala i første rad i tabellane over som -verdiar og tala i andre rad som -verdiar.
-verdien i første kolonne, 1, høyrer saman med -verdien i første kolonne, 30. Dette kan vi sjå på som eit punkt som vi kan skrive på koordinatform som . Vi kan teikne punktet i koordinatsystemet ved å gå frå talet 1 på -aksen oppover til vi møter den vassrette linja frå 30 på -aksen, sjå biletet.
Skriv opp dei tre andre punkta vi får frå tabellen.
I det interaktive GeoGebra-arket under kan du dra i dei fire punkta. Når du dreg dei på rett plass i koordinatsystemet, blir dei grøne.
Korleis ligg punkta i forhold til kvarandre når punkta er på rett plass i koordinatsystemet?
Kva er spesielt med denne linja?
Ein formel for kor mykje vi betaler for kg eple
Kor mykje må du betale for kg eple?
Vi kan teikne den rette linja med GeoGebra. Korleis trur du denne linja ligg i forhold til dei fire punkta? Finn svaret ved å skrive inn formelen for linja i algebrafeltet til venstre i dette GeoGebra-arket på nettet eller last ned GeoGebra-arket under. Innskrivingsfeltet er nedst til høgre ved plussteiknet, sjå biletet.
Får du ei linje som passar med dei fire punkta?
Døme: butikkmedarbeidar

Vilde jobbar deltid i ein daglegvarebutikk, og kvar veke noterer ho ned i ein tabell talet på timar ho jobbar, og lønna ho får.
Vekenummer | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 |
|---|---|---|---|---|---|
Arbeidstid (timar) | 6 | 5 | 8 | 10 | 2 |
Lønn (kr) | 1 350 | 1 125 | 1 800 | 2 250 | 450 |
Undersøk om talet på arbeidstimar og lønna er proporsjonale storleikar.
Kva er proporsjonalitetskonstanten?
Lag ei grafisk framstilling av lønna til Vilde ved å bruke tala i tabellen med talet på timar og lønn. La talet på timar vere langs -aksen. Bruk GeoGebra.
Ligg punkta på ei rett linje?
Vi kan bruke linjeverktøyet til GeoGebra (sjå biletet) til å teikne ei linje som går gjennom to punkt.
Vi vel linjeverktøyet.
Vi klikkar på punktet med -koordinat lik 2 og deretter på punktet med -koordinat lik 10, altså dei to punkta som er lengst frå kvarandre.
Alternativ framgangsmåte: Dersom punktet med -koordinat 2 heiter i algebrafeltet til GeoGebra og punktet med -koordinat 10 heiter , kan vi i algebrafeltet skrive Linje(A,B).
Resultatet blir ei linje med formel , sjå nedanfor. Du kan sjå formelen for linja i algebrafeltet i GeoGebra. Linja går gjennom alle dei fem punkta i tillegg til origo.
Lag ein formel for lønna når Vilde jobbar timar.
Kunne vi, då vi skulle sjekke for proporsjonalitet, ha delt talet på timar på lønna i staden for å dele lønna på talet på timar?
Oppsummering
Ta stilling til påstandane nedanfor.