a) Kva er kravet til trekanten for at vi skal kunne kalle sidene for katetar og hypotenus? Oppfyller trekanten over dette kravet?
Løysing
Trekanten må vere rettvinkla for at vi skal kunne kalle sidene katetar og hypotenus. Sidan ein av vinklane i trekanten har symbolet for ein rett vinkel, veit vi at trekanten er rettvinkla, og kravet er oppfylt.
b) Kva for ei av sidene a, b og c i trekanten over er hypotenus?
Løysing
Sida c er hypotenusen fordi ho ikkje er eit av vinkelbeina til den rette vinkelen.
c) Kva for nokre av sidene a, b og c er katetar?
Løysing
Sidene a og b er katetar sidan dei er vinkelbeina til den rette vinkelen.
d) Vil hypotenusen i ein rettvinkla trekant alltid vere lengre enn katetane?
a) Teikn ein rettvinkla trekant der dei to katetane (a og b på figuren i den førre oppgåva) er 4 cm og 3 cm.
Løysing
Trekanten kan sjå slik ut.
b) Mål hypotenusen c i trekanten du har teikna. Kor lang er han?
Løysing
Hypotenusen skal vere 5 cm.
c) Rekn ut .
Tips til oppgåva
Hugs at betyr .
Løysing
d) Rekn ut og samanlikn.
Løysing
Vi får det same svaret. Det er på grunn av pytagorassetninga for rettvinkla trekantar. Vi seier at vi har brukt pytagorassetninga til å kontrollere at trekanten er rettvinkla.
a) Vi har ein trekant som vi trur kanskje er rettvinkla. Vi har måla på sidene i trekanten. Korleis kan vi undersøke om han faktisk er rettvinkla? Skriv ei kort forklaring.
Løysing
Først skriv vi opp lengda av a, b og c. Så reknar vi ut og og ser om vi får det same svaret.
b) Undersøk om ein trekant med måla 4 cm, 5 cm og 6 cm er rettvinkla.
Løysing
Vi får at
sidan denne er lengst
Vi får vidare at
Vi får ikkje det same svaret, så trekanten er ikkje rettvinkla.
Figuren viser gavlveggen på det som skal bli eit søppelskur.
Måla på figuren er innvendige og er i millimeter. Kva blir den innvendige lengda på taket på skuret, kalla c på figuren?
Løysing
Figuren viser den øvste delen av gavlveggen. Vi har teikna på ei vassrett stipla linje som viser at vi får ein rettvinkla trekant der taklengda c er hypotenusen.
Den vassrette (stipla) kateten er 850 mm. Den loddrette kateten blir forskjellen på høgda på dei to veggene, det vil seie
Du skal støype grunnmuren til ein rektangelforma garasje. Lengda på garasjen er 6,5 m, og breidda er 4,1 m.
Forklar korleis du kan kontrollere at hjørna på garasjen er 90 gradar ved å måle diagonalen.
Løysing
Diagonalen deler garasjen inn i to rettvinkla trekantar der diagonalen blir hypotenusen. Lengda på diagonalen – hypotenusen c – skal då etter pytagorassetninga vere
Dersom diagonalen ikkje er 7,66 m, er ikkje trekantane rettvinkla, og dermed er heller ikkje hjørna i garasjen rettvinkla.