Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Priskalkulering og anbod

Fagstoff

Kalkylar i tenesteytande bedrifter

Tenesteytande bedrifter sel tenester. Når dei yter kunden ei teneste, fakturerer dei gjerne det talet timar dei har brukt på oppdraget. Det kan til dømes vere eit vektaroppdrag, ein guida tur i Tromsø eller ein elektrisk installasjon av ein elbilladar.

Utrekning av timepris

Korleis kan tenesteytande bedrifter finne fram til kva timepris dei skal bruke når dei fakturerer kundane sine for oppdrag? Her skal vi bruke eit lite vektarfirma som døme, og sjå på korleis dei kan gå fram for å rekne ut timeprisen til kundane sine.

I dette dømet går vi ut frå at dei totale inntektene til firmaet er talet på timar dei har vektarar ute hos kundar, gonga med timeprisen. Utfordringa er å finne ein timepris som gir ei totalinntekt som er større ein dei totale kostnadene, og dessutan litt forteneste.

Disponible arbeidsdagar

Det er ikkje mogleg å ha ein vektar ute i inntektsbringande arbeid 52 veker i året. Feriar, heilagdagar, fråvær og kursing må òg reknast inn. La oss seie at ein vektar kan vere disponibel 5 dagar i veka 42 veker i året.

Prøv sjølv

Kor mange disponible arbeidsdagar har ein vektar i året?

Løysing

42 veker · 5 dagar i veka = 210 arbeidsdagar

Utnyttingsgrad og seljelege timar

Det er ikkje mogleg å fakturere kundane for 100 prosent av den disponible tida til vektaren. Det er vanleg å rekne utnyttingsgraden til å vere 70–80 prosent. Kor mange seljelege arbeidsdagar har ein vektar då i året, og kor mange arbeidstimar blir det?

Prøv sjølv

Kor mange seljelege timar vil ein vektar ha i året dersom vi tek utgangspunkt i ein arbeidsdag på 7,5 timar og ei utnyttingsgrad på 80 prosent?

Løysing

7,5 timar · 0,8 (utnyttingsgrad) = 6 seljelege timar per dag

6 seljelege timar per dag · 210 seljelege dagar i året = 1 260 seljelege timar i året

Viss bedrifta har fem vektarar, vil det samla talet seljelege timar bli 6 300 (1 260 · 5).

Timepris til kunde

Så må bedrifta fordele dei totale kostnadene på timane. Her må alle kostnadene med, både lønnskostnader, administrasjonskostnader, husleige og andre faste kostnader bedrifta har i løpet av eit år. Det einaste som ikkje skal med, er kostnader som materialkostnader, køyrekostnader og anna som kundane blir fakturerte for i tillegg til timeprisen.

Dersom bedrifta har kostnader på 3 500 000 kroner, vil kostprisen per time bli 556 kroner (avrunda).

For å få eit overskot må bedrifta legge til ei forteneste på kostprisen. Ønsker dei ei forteneste på 15 prosent, må dei setje timeprisen til 639 kroner (556 · 1,15).

Slik ser det ut når vi set dømet vårt opp i ein tabell:

Berekning av timepris

Kalkulasjon

Kroner/Timar

Utrekning/kommentar

Totale kostnader

3 500 000 kr

Seljelege timar

6 300 t.42 · 5 · 7,5 · 0,8 · 5

Kostpris per time

556 kr

3 500 000 / 6 300

+ forteneste

83 kr556 · 15 %

= timepris til kunde

639 krtimepris utan mva.

Prøv sjølv

Kva blir timeprisen inklusiv meirverdiavgift når meirverdiavgifta er 25 prosent?

Løysing

Timepris utan meirverdiavgift 639 kr

+ meirverdiavgift, 639 kr · 25 % 160 kr

= timepris med meirverdiavgift 799 kr



Skrive av Tone Hadler-Olsen og Oddvar Torgersen.
Sist oppdatert 02.04.2025