Burger King og målgrupper

Tenk over
Korleis trur du Burger King jobbar med segmentering og målgruppeval?
Burger Kings ønske om å nå ut til unge målgrupper
Ungdom bruker mykje tid på mobiltelefonen, og sosiale medium er ei viktig plattform. Men korleis kan Burger King unngå berre å bli sveipt forbi? Dette ønskte Burger King å finne ut av, og dei ønskte å lage meir relevant innhald for unge målgrupper og marknadskommunikasjon på premissane til dei unge.
Film: Segmentering av målgrupper
I filmen nedanfor (lengde 08:13) får vi eit innblikk i korleis mediebyrået Starcom jobbar med å utarbeide kampanjar. I filmen ser vi døme frå arbeid med marknadssegmentering og målgruppetenking i samband med kampanjar for Høyskolen Kristiania og Burger King.
Burger King utfordrar pølsesalet på 17. mai
Burger King er utfordraren i hamburgarmarknaden. Dei har ein strategi som handlar om å sikre kommunikasjon som skil seg ut og engasjerer. I 2019 ønskte dei å gjere Burger King til ein snakkis i samband med 17. mai.
På 17. mai blir det seld store mengder pølser. Men korleis kunne ein utfordre pølsesalet på 17. mai? Korleis kunne Burger King fremje Whopper-en på ein naturleg måte under ei norsk høgtid? Burger King engasjerte eit mediebyrå ved namn Starcom til å hjelpe dei i dette arbeidet.
For mange nordmenn er bunaden sjølve symbolet på 17. mai og nasjonalkjensla. Starcom og Burger King ønskte å ta del i dette, og dei designa ei eiga bunadsveske med plass til ein Whopper.
Dei inngjekk samarbeid med mote- og livsstilsmagasin og influensarar for å sikre at "alle" skulle få med seg kva som var årets heitaste 17. mai-tilbehøyr. Eit eige gjer-det-sjølv-sett blei laga og distribuert ut i restaurantane og til nokre ambassadørar.
Strikking og handverk er for alvor tilbake i vinden, og oppskrifter for å lage etterlikningar av dyre moteplagg florerer på internett. Starcom og Burger King ønskte å bygge opp under trenden ved å oppfordre nordmenn til å "whopper-hacke" si eiga bunadsveske.
Film: Verdens første "Whopper-veske"
Sjå reklamefilmen nedanfor (lengde 00:46). (Eit tekstsamandrag av filmen er tilgjengeleg under.)