Fagstoff
Video
Vippa og relasjonsleiing
Dagleg leiar for mathallen Vippa, Kaja Skovborg-Hansen, synest det er viktig at folk får jobbe med ting dei liker og som gjer dei glade, i tråd med god relasjonsleiing. I filmen nedanfor (lengde 03:10) forklarer ho korleis mathallen Vippa er med på å skape meiningsfulle liv.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
Tenk over
Kaja seier at fleire verksemder bør leggje til rette for at folk skal få lov til å halde på med noko dei liker og skape seg meiningsfulle liv. Kva meiner ho med det?