Regelverk for import av varer
Toll på importerte varer
Innførselstoll
Skatt på importerte varer blir kalla for innførselstoll.
Tollsatsane varierer, men for dei fleste klede er tollsatsen 10,7 prosent (2025). Du finn oppdaterte tollsatsar på Tolletaten.
Fortollingsgebyr
I tillegg til ein tollsats må vi betale eit fortollingsgebyr når vi importerer varer frå utlandet. Fraktselskapet utfører som regel fortollingsjobben, og tek seg betalt i form av eit fortollingsgebyr.
Særavgifter
På nokre varer må vi òg betale særavgifter ved import. Døme på varer som har særavgifter, er alkohol, sjokolade- og sukkervarer, sukker, tobakksvarer og køyretøy.
Varer med restriksjonar og forbod
For nokre varer gjeld spesielle importreglar. I tabellen nedanfor ser du kva for nokre varer dette gjeld, og kva etatar som forvaltar regelverket. Du kan lese meir om regelverket for dei ulike varegruppene på sidene som det er lenker til.
Varer med restriksjonar | Ansvarlege myndigheiter |
|---|---|
Alkohol | Skatteetaten og Helsedirektoratet |
Tobakk | Skatteetaten og Helsedirektoratet Les om regelverket for tobakk på Skatteetaten Les om import av tobakksvarar til Norge på Helsedirektoratet |
Næringsmiddel, plantar, frø, dyr | Mattilsynet |
Truga dyre- og planteartar | Miljødirektoratet Les om regelverket for truga dyre- og planteartar på Miljødirektoratet |
Legemiddel | Direktoratet for medisinske produkter Les om regelverket for legemiddel på Direktoratet for medisinske produkter |
Avfall | Miljødirektoratet |
Eksplosiv, fyrverkeri og farlege stoff | Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap |
Våpen, våpendelar og ammunisjon | Politiet Les om regelverket for import, sal og merking av våpen på Politiet |
Kulturminne, antikvitetar | Tolletaten |
Meirverdiavgift
På varer som blir importerte til Noreg, må vi òg betale 25 prosent meirverdiavgift (15 prosent for næringsmiddel). Toll og eventuelle særavgifter skal òg vere med i grunnlaget for meirverdiavgift.
Meirverdiavgift på e-handel (VOEC)
Importerte varer med låg verdi som blir selde til privatpersonar, er fritekne for toll og har ei forenkla ordning for registrering, rapportering og betaling av meirverdiavgift. VOEC-ordninga gjeld varer under 3000 kroner, men omfattar ikkje næringsmiddel eller varer med restriksjonar eller særavgifter. Bedrifter som ønsker å nytte seg av denne ordninga, må registrere seg i VOEC-registeret.
Les meir om VOEC-ordninga på Tolletaten, og sending av pakkar i VOEC-ordninga på Skatteetaten.
Relatert innhald
Nettside hos lovdata.no
Nettside hos skatteetaten.no

