Oppgåve
Alias-oppgåve om forbrukarlover
Har du spelt Alias nokon gong? I denne oppgåva skal du forklare ord etter reglane i spelet Alias. Det er ein morosam og lærerik måte å øve inn fagomgrep på.

I originalversjonen av Alias skal ein for eksempel forklare ordet BUSS, og kan da seie: kollektivt køyretøy som fraktar personar, motorisert, stoppar på haldeplassar, osv. …
Alias
Alias går ut på å forklare ord til medspelaren på same lag utan å bruke sjølve ordet. I denne versjonen skal dere forklare fagomgrep.
Organisering
Del klassen inn i grupper på fire, som igjen skal delast inn i to par. Da er to og to på lag, og speler mot det andre paret i firargruppa. Fagomgrepa må skrivast ut og lagast som lappar til gruppa.
Spel
Kvart lag får eitt minutt per tur til å forklare fagomgrepa for kvarandre. Dei to som ikkje er på det aktive laget, passar tida. Laget gjettar så mange ord som mogleg på eitt minutt og får eitt poeng for kvart ord dei gjettar riktig.
Laga speler annankvar gong heilt til alle lappane er brukte opp. Det laget som har flest riktige, er vinnaren innanfor firargruppa.