Filmar
Berekraft og samfunnsansvar
Filmen under (lengde 3:23) gir ei kort innføring i kva som ligg i berekraftig utvikling.
Filmen under (lengde 2:59) beskriv korleis livsløpsvurderingar kan hjelpe med å ta berekraftige val.
I filmen under (lengde 2:04) fortel Stormberg-gründeren Steinar OlseFn om korleis verksemda tek samfunnsansvar.
I filmen under (lengde 4:15) kan elevane lære meir om arbeidsforholda til gruvearbeidarane som vinn ut metall til mobiltelefonar.
Visjon, forretningsidé og mål
Filmen under (lengde 8:42) viser døme på verksemder som jobbar med innovasjon for å finne meir berekraftige løysingar.
Filmen under (lengde 9:07) tek opp kva som skal til for å lykkast som gründer.
I filmen under (lengde 10:25) møter vi gründerane av den tidlegare elbilladaren Folkeladeren, som fortel om forretningsidèen og forretningsplanen dei hadde.
I filmen under (lengde 6:06) møter vi representantar frå verksemdene Looping, Packoorang, Optimera og The Wit som fortel om arbeidet med berekraftige forretningsplanar.
Filmen under (lengde 7:51) gir elevane eit innblikk i korleis Radical Broccoli jobbar med ulike prosjekt, og korleis dei meiner dei kan inspirere til ein meir berekraftig livsstil, mellom anna gjennom influensarmarknadsføring.
I filmen under (lengde 7:04) fortel Tise-gründerane Eirik Frøyland Rime og Axel Franck Næss, saman med medeigar Jenny Skavlan, om forretningsidèen og bruk av nettverk i utviklinga av Tise.
Målgruppeval
Filmen under (lengde 7:41) gir elevane eit innblikk i marknadssegmentering og målgruppeval.
I filmen under (lengde 3:25) fortel marknads- og kommunikasjonsdirektør Anniken Bjørnstad Schjøtt og innsikt- og analyseansvarleg Elisabeth Drange Tønnessen om arbeidet dei gjer med å analysere marknaden og skaffe innsikt i målgruppa til Dyreparken i Kristiansand.
I filmen under (lengde 6:34) kan elevane lære meir om målgrupperetting i NRK-serien Rådebank.
I filmen under (lengde 1:46) fortel Lasse Smedsvig, ein av gründerane til frisørkjeda Cutters, om målgruppene til Cutters og marknadskommunikasjonen deira mot desse.
Filmen under (lengde 8:13) gir elevane eit innblikk i mediebyrået Starcom sitt arbeid med å nå ut til målgrupper i marknadsføringskampanjar for Høyskolen Kristiania og Burger King.
I filmen under (lengde 9:01) fortel Nettpatruljen til politiet Vest om strategisk bruk av TikTok for å nå ut til målgruppa barn og unge.
Filmen nedanfor (lengde 1:49) tek for seg den digitale annonsebørsen, og forklarer korleis ulike annonsar blir plasserte hos bestemde målgrupper på nett.
I filmen under (lengde 1:27) kan elevane lære om algoritmar, og korleis dei blir brukte til å tilpasse innhald til brukaren på sosiale medium og ulike nettsider.
Bransjeanalyse og situasjonsanalyse
Med utgangspunkt i ei fiktiv verksemd som sel elsparkesyklar, viser animasjonsfilmen under (lengde 5:11) korleis ein dagleg leiar analyserer bransjen for å avdekke konkurransesituasjonen for verksemda.
Merkevarestrategi
I filmen under (lengde 6:48) fortel marknadssjef i Lerum, Ronny Solvik, om merkevarestrategien for merkevara ZERoh!
Filmen under (lengde 5:40) gir eit innblikk i sportsmerket Kari Traa sitt arbeid med merkevarebygging.
I filmen under (lengde 3:24) fortel Kine Foss Arnesen, kreativ leiar i Moment Marketing, om korleis dei har hjelpt SPZ bil med merkevarebygging.
I filmen under (lengde 5:14) fortel Kine frå Moment Marketing om korleis dei har hjelpt Sealmaker med å fornye merkevara.
Filmen under (lengde 2:21) gir elevane eit innblikk i arbeidet med å utvikle ein ny visuell identitet for Munch-museet då det skulle flytte til Bjørvika.
Distribusjonsstrategi
Filmen under (lengde 5:49) forklarer kva ein distribusjonsstrategi er, og viser døme frå ulike verksemder.
Filmen under (lengde 6:08) forklarer trinna i å utvikle ein distribusjonsstrategi, og gir døme frå ulike verksemder.
Prisstrategi
I filmen under (lengde 4:36) gir BI-professor Ragnhild Silkoset ei innføring i prisstrategiar og ulike prissetjingsmetodar.
Filmen under (lengde 4:06) gir ei innføring i verdibasert prissetjing, med treningssenter som døme.
I filmen under (lengde 4:30) forklarer Professor Ragnhild Silkoset, med hundepass som døme, kva som ligg i verdibasert prissetjing.
Filmen under (lengde 5:10) gir ei innføring i ulike verkemiddel innan psykologisk prissetjing.
Kommunikasjonsstrategi
I animasjonsfilmen under (lengde 5:34) følger vi Zaira, som har starta gjenbruksbutikk, i arbeidet med å utvikle ein kommunikasjonsstrategi.
I filmen under (lengde 8:49) følger vi prosessen med å planlegge ein kampanje i Carlings knytt til ein salskampanje der alle jeans skal seljast til ein redusert pris.
I filmen under (lengde 3:01) fortel Marknadssjef i Lerum, Ronny Solvik, om kommunikasjonsmåla til merkevara ZERoh!
I filmen under (lengde 9:43) fortel Ronny Solvik, marknadssjef i Lerum, om kommunikasjonstiltak og -kanalar for merkevara ZERoh!
I filmen under (lengde 2:10) fortel Kaja Skovborg-Hansen, dagleg leiar på Vippa, om korleis dei bruker ulike kommunikasjonskanalar.
Filmen under (lengde 7:18) gir oss eit innblikk i videomarknadsføring i sosiale medium, og korleis ulike verkemiddel kan brukast i bodskapsformidling.
I filmen under (lengde 5:26) fortel professor Kristin Skare Orgeret om dei retoriske appellformene etos, logos og patos.
Marknadsstrategi
I animasjonsfilmen under (lengde 4:37) følger vi Mette, marknadsansvarleg i Kongsland mineralvannfabrikk, som er i gang med å utvikle marknadsstrategi for den fiktive drikken TRØLL.
I filmen under (lengde 2:06) fortel Anniken Bjørnstad Schjøtt, marknads- og kommunikasjonsdirektør i Dyreparken i Kristiansand, om arbeidet deira med marknadsstrategi.
I animasjonsfilmen under (lengde 5:58) følger vi Adrian, som vil starte sitt eige klesmerke, i arbeidet med å utvikle ein marknadsstrategi. Vi får innsyn i ulike omsyn knytte til etisk bruk av konkurransemidlar.
Marknadsføringsleiing
I filmen under (lengde 9:12) fortel Petter Stordalen og Kristin Skogen Lund kva dei meiner er den viktigaste rolla og funksjonen til leiaren.
I filmen under (lengde 7:02) får vi eit innblikk i Jacob Rollands arbeidsoppgåver som marknadssjef i Kiwi.
Eksamenstrening
Filmen under (lengde 11:18) illustrerer ein eksamenssituasjon med ulike scenario der eleven viser ulik måloppnåing.