Klesindustrien og klesmerket THUN

Oppgåve 1. Undersøk klesindustrien
Del 1. Sjå filmen: Klesbransjen – en miljøtrussel
I nyheitsinnslaget nedanfor (lengde 05:53) kan vi sjå utfordringane med klesindustrien og fast fashion.
Del 2
Jobb vidare med klesindustrien og dei utfordringane som følger med han. Vel tre av kjeldene nedanfor og set opp ei liste over utfordringar som blir belyste.
Oppgåve 2. Drøft utfordringar i klesindustrien
I skjemaet nedanfor skal du skrive inn korleis klesindustrien påverkar dei tre berekraftsdimensjonane: økonomi, miljø og sosial berekraft.
Drøft ut frå det utfylte skjemaet korleis klesindustrien påverkar berekraftig utvikling.
Drøft ulike tiltak for å gjere klesindustrien meir berekraftig.
Oppgåve 3. Klesmerket THUN
I denne fiktive casen er Grete Thundal ein kjend influensar som tek miljøet på alvor. Ho ønsker å bidra positivt i verda ved å lansere sitt eige klesmerke. Merket skal heite THUN, ta utgangspunkt i det nordiske og ha miljøet og samfunnsengasjement som ein sentral verdi.
Grete Thundal ønsker å skape klede av høg kvalitet, og ho vil legge noko av produksjonen i Noreg og resten til utlandet. Målet er at kundane skal tenke meir på kvalitet enn på kvantitet og kjøpe plagg som er slitesterke og varer lenger. THUN ønsker spesielt å nå ut til ungdommen med bodskapen om eit berekraftig forbruk basert på resirkulerte materiale.
I oppgåvene nedanfor skal du ta utgangspunkt i den fiktive casen om klesmerket THUN, samtidig som du tek eigne føresetnader og val for verksemda.
Drøft THUN sitt samfunnsansvar ut frå eit etisk og forretningsmessig perspektiv.
Vurder berekraftige val for THUN med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold.
Vurder THUN sitt fokus på berekraft og samfunnsansvar opp mot omdømmet for verksemda.
Drøft følgande påstandar:
“Verda treng ikkje eit nytt klesmerke. Det er allereie overflod av klede."
“Ingen klesproduksjon kan kallast berekraftig."