Hopp til innhald
Spillefilm

Fast Food Nation

Fast Food Nation er ein amerikansk dramakomedie om hurtigmat, kritikkverdige arbeidsforhold og etiske problemstillingar knytte til dyrevelferd og miljø. Filmen er regissert av Richard Linklater

Om filmen

Don Anderson er marknadssjef ved den amerikanske hurtigmatkjeda Mickey's. Ein dag blir Don kalla inn til eit møte med direktøren i selskapet. Han er bekymra. To engasjerte studentar har analysert innhaldet i burgarane og funne store mengder bakteriar. Det viser seg at kjøttet i burgarane er blanda med kumøkk.

Don blir send av garde til Colorado for å sjå kor kjøttet som burgarane er laga av, kjem frå. Han oppsøker kjøttfabrikken Uni-Global Meal Packing. Fabrikken har det nyaste innan teknologi, arbeidarane bruker hanskar og kvite frakkar, og det er rustfritt stål overalt. Don finn inga god forklaring på korleis kumøkka har blitt blanda med kjøttet.

Etter å ha snakka med ein kvegbonde som pleidde å levere kveg til fabrikken, bestemmer Don seg for å undersøke produksjonen nærare. Under overflata skjuler det seg eit fryktregime med illegale meksikanske arbeidarar som jobbar under elendige arbeidsforhold i slaktehallen.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Analyser hurtigmatindustrien

På bakgrunn av filmen Fast Food Nation skal du bruke bransjeanalyse og situasjonsanalyse for å analysere den fiktive hurtigmatkjeda Mickey's.

Skrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2023